Morten Steinsrud, Bjarne Budal og Arnfinn Beito skal leie tre komitear i Øystre Slidre

Morten Steinsrud skal leie komiteen for helse og omsorg, Bjarne Budal skal leie komiteen for opplæring og kultur og Arnfinn Beito skal leie komiteen for tekniske tenester. Alle skal ha seks medlemmar kvar. Dette vart vedteken i kommunestyret. Endringane frå formannskapet vart gjort for å få rett kjønnsbalanse og etter ynskje frå politikarane.