Gå inn på Vang kommune sine heimesider og les nøye «Forslag til retningsline for motorferdsel i utmark».

Send innspel til kommunen på [email protected] Merk med sak 22/200.

Svarfrist måndag 7. nov. 2022. Det er kort svarfrist og det er viktig at folk engasjerer seg no.

Det som blir vedteke no, vil me måtte leva med i mange år framover.

Denne gongen hadde eg verkeleg trudd at grunneigarane skulle fått moglegheit til å nytte sine eigne vegar sjølv om det ligg snø på dei.

Men med dei søknads- og dokumentasjonskrav og raudsonelisting som her blir presentert, vil det for mange bli verre enn det nokon gong har vore å få nytta stølen sin vinterstid.

Stølsvegeigarar kan bruke 1000-vis av liter diesel og hundrevis av arbeidstimar på brøyting og reparering av sundkøyrd veg.

Neppe særleg miljøvenleg i forhold til nokre scooterturar på snø. I alle fall ikkje der det er forholdsvis få hytter/stølar.

For dei som ikkje vil eller kan brøyte vegen sin kan det enkelte år vera opp mot 7 månader dei ikkje kan køyre bil på stølen/hytta.

Ein gardbrukar/grunneigar og vedkommande sin familie (ofte tre generasjonar på garden) skal altså få 5 turar på stølen på deling i løpet av desse månadane.

Ein bonde med dyr i fjøset vil også vera saman med familien sin på stølen, men må heim att for å stelle dyra to gonger kvar dag. Med 5 turar til disposisjon kan han altså vera her 2 og ein halv dag i løpet av vinteren.

Viss han ikkje alt har brukt opp «kvoten» på tilsyn av hus og snømåking av tak då.

Dei som hamnar i raudsonene mistar all rett og moglegheit til å køyre scooter til eigen støl/hytte. Men viss vegen blir brøytt er all slags køyring greitt, og nye hyttefelt har sjølvsagt brøytt veg.

Sanninga her er at forbodet mot køyring på ubrøyta veg i dag er heilt utdatert. Forskjellsbehandling og urettferdig.

Kanskje kan enkelte hytteeigarar greie seg med 5 turar eller mindre, men mange vil sikkert trenge fleire og må få det.

Konklusjonen er: Dette forslaget må sterkt reviderast. Fjern raudsoner. Talet på turar må aukast betrakteleg, aller helst fjernast heilt.

Stølseigarar / grunneigarar skal ikkje behøve å søkje eller telje turar i det heile teke.

Det blir poengtert likebehandling. Dette blir feil. Det er bøndene/private grunneigarar som eig stølsvegane og utmarka i Vang. Desse må ha rett til å nytte eigen grunn utan å bli behandla som lovbrytarar og kriminelle.

Dette er noko lovmakarane som sit langt herifrå og høgare myndigheiter må utfordrast mykje meir på.

No må kommunen laga retningsliner som gagnar folk i Vang og ikkje berre underkaste seg det andre har bestemt over hovudet på oss.