Mange familiar har si krigshistorie. Krigshistoria eg har arva er nok korkje verre eller betre enn mange andre si.

Men ho er godt dokumentert.

For far min skreiv dagbok, notat, brev og preiker frå krigen og den nære etterkrigstida. Han tok vare på det, og mykje av det har eg.

For 80 år sidan var far min ein liten fotsoldat i den store verdskrigen slik den gjekk føre seg her i Hamar bispedømme.

Han kjempa ikkje med skarpe våpen, men med Gudsordet og andaktsboka i krysseld og skvis mellom avsette kyrkjehøvdingar på ei side og nazi-politikarar og -kyrkjeleiarar på andre sida.

Krigen tok ikkje slutt for han då freden braut laus heller, for då vart han plassert som fengselsprest for arresterte stornazistar på Lillehammer.

Dette har eg skrive om i den nyaste boka mi: «Fengselsprestens krig». For det som prega far min sterkt seinare i livet, var at han hadde vore prest for fengsla brutale nazistar sumaren og hausten 1945.

Nokre av fangane var torturistar som hadde spreidd skrekk langs Mjøsa og i Gudbrandsdalen. Ein av dei såg han vart skoten på Akershus første fredshausten.

Eit par år seinare vart han plassert som fengselsprest for dømte nazistar i tre såkalla landssvikleirar i Hedmark – Ilseng, Elverum og Trysil.

Bjarne Norheim (1905-1991) vil vera kjend for mange her som sokneprest i Vestre Slidre frå 1958 til 1971.

Heime merka vi godt korleis det hadde festa seg og plaga han, det at han hadde arbeidd blant bitre nazistar i celler og korridorar like etter krigen.

Ein fordel med at han etter kvart fekk seg arbeid i Slidre, var at her var det knapt nokon nazistar som hadde sona i dei leirane der han var fengselsprest.

Valdrisane sona i andre leirar. Dei fangane han hadde hatt med å gjera i leirane, var frå Hedmark fylke og Gudbrandsdalen.

Då krigen kom var han fersk kappelan i Eidskog ved svenskegrensa. I notata sine skriv han at det var gravferd etter ei gamal kone 9. april. «Ei underleg gravferd! Lite tanke på avdøde!», skriv han. Ja, rart med det.

I Eidskog var nokre av dei norske nazistane pågåande og påpasselege. Alle bispane og mange prestar i landet vart sagt opp av nazi-styresmaktene i 1942, eller dei sa opp jobbane sine.

For no var det ei eiga Quisling-kyrkje, der mange prestar ikkje ville arbeide.

Då presten Norheim vart sagt opp, sette den gamle Hamar-bispen Henrik Hille han til å arbeide i same menigheita som før, på Vestmarka i Eidskog, men no lønna av folk i menigheita og ikkje av det offentlege.

Ein nazist melde då hjelpeprest Norheim til lensmannen, som også var nazist.

Grunnen var at han i Vestmarka kirke hadde lese opp eit bispe-skriv som heitte «Kirkens grunn», eit brev frå dei gamle bispane om kva grunn kyrkja må stå på – i motstrid til det Quisling-kyrkja sto for.

Bispane såg på Quisling-kyrkja som ukristeleg.

Svært mange prestar las opp skrivet, men far min var visst den einaste som fekk bot for det. Han fekk ei bot på 300 kroner, ei månadsløn den gongen.

Menigheita samla inn pengar til bota, og det kom inn så mykje at han fekk kjøpt seg «ein såre tiltrengt hatt», som han skriv. Ingen prest utan hatt. Han gav hatten namnet botshatten.

Etter kvart blir hjelpepresten Norheim utvist frå Eidskog av nazistane.

Mot han blir det mellom anna brukt at «pastor Norheim slo seg ned i et anneks i Eidskog prestegjeld, hvor han anskaffet seg et gummistempel med påskriften ‘Vestmarka menighet’ og begynte å operere som prest på egen hånd.»

Han tok vare på det stempelet i alle år etterpå.