«Slåtter etter bestefar»

Unik CD: Haldor Røyne spelar hardingfeleslåttar på gitar.

Unik CD: Haldor Røyne spelar hardingfeleslåttar på gitar.

Artikkelen er over 1 år gammel

Musikaren Haldor Røyne, oppvaksen på Hov i Søndre Land, har gjeve ut ein CD som er ganske så unik - hardingfeleslåttar spelte på akustisk gitar.

DEL


Valdres: Haldor Røyne (35) er ein framifrå gitarist med røter i Dalsbygde i Øystre Slidre.


Slåttar på kassett

Inspirasjonen har Røyne henta frå bestefaren og spelemannen som også heitte Haldor Røyne.

«Bestefar spilte inn hardingfeleslåtter på en kassettspiller han hadde på kjøkkenet hjemme. Han hadde lært slåttene av andre spelemenn i Valdres», skriv Haldor på CD-omslaget.


Frie tolkingar

For nokre år sidan kom Haldor over opptaka etter bestefaren.

«Jeg fikk lyst til å oversette slåttene til akustisk gitar. Dette albumet er mine egne, frie tolkninger av hardingfelemusikken - både fra Valdres og fra andre deler av landet», skriv han.


Ti slåttar

Albumet inneheld ti slåttar:

Lyarlått etter Ola G. Okshovd, Springar etter Torstein S. Hegge, Bonde, Bergrosa, Springar fra Valdres og Hallingdal, Rotnheims-Knut, Springar etter Kristiane Lund, Okshovdvalsen, Fanitullen og Fagerdalen.

Journalisten trillar ikkje terning, men vil leggje til at CD-en har gjeve mykje glede i heimen denne veka den har vore i hus.

Artikkeltags