Lokalavisa skriv mykje om veg. Veldig mykje om veg. Det heng nært saman med at vegløysingar har stor vital betydning for dei som bur her og dei som besøkjer oss.

Vegane er som blodårene i kroppen, var det ein lokalpolitikar som uttala ein gong. Ja, vegane er av avgjerande betydning for at heile samfunnsmaskineriet fungerer som det skal. Difor er det veldig relevant for lokalavisa å skrive mykje om veg og engasjere oss i vegproblematikk. Anten skrive om saker der folk i grendene kjempar for betre veg og asfalt for den del, og om saker av større omfang som å ruste opp Europavegen som går gjennom distriktet vårt.

Ei stor sak for heile Valdres har lenge vore den framtidige løysinga for E16 gjennom Fagernes. No om dagen har mykje av vegfokuset vore retta mot dette prosjektet, og det var difor trist å kunne konstatere at det nok ein gong havarerte. Når og om det i heile teke nokon gong blir noko av, er like uvisst no som før.

Det er likevel grunn til å minne om at det i Valdres går føre seg meir på vegsektoren for tida enn det kanskje nokon gong har gjort. Det heller har ikkje kome rekande på ei fjøl, men er resultat av langsiktig jobbing som til slutt har resultert i effektuering av politiske vedtak i Stortinget, som har betydd pengar på bordet.

No om dagen kan vi fylgja tett på utbetringa av E16 gjennom både Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang. I øyeblikket er mykje av innsatsen konsentrert omkring mange strekningar av E16 gjennom Vang, strekningar som ein trygt kan kalle sterkt ulykkesbelasta. Det blir ikkje fullgod europavegstandard alle stader, men krevjande strekningar blir fiksa på, og vi må kanskje vera nøgde med det. Største satsinga nett no er likevel knytt til den 5,4 kilometer lange strekninga mellom Øylo og Synshagen. Prosjektet inkluderer også 1,8 kilometer med tunnel gjennom Kvamskleiva. Dette har kanskje vore den farlegaste attståande traseen på E16 gjennom Valdres no.

Eg har som journalist i avisa Valdres vore tett på dei fleste store vegprosjekta i Valdres i minst tre tiår. Det har vore mykje å glede seg over også, og faktisk er det mange prekære prosjekt som har funne si løysing. Sjølv om det har gått litt seint. Bygging av tunnel og ny veg mellom Bagn og Bjørgo er det verkeleg store, også fullføringa av sjukehusvegen over Tonsåsen.

No om dagen er nok eit stort og vitalt veganlegg i Valdres halvveges og det er Kvamskleiva. Onsdag var eg med på nok ein viktig milepæl for dette anlegget og det var då siste salva i tunnelen vart fyrt av. Hallo folkens, no er det hol gjennom fjellet, og arbeidet med å «innreie» tunnelen startar for fullt. Seinast 14. februar i 2023 kan folk flest ta nyanlegget i bruk. Det er ikkje tema enno, men om alt går fint vidare også, blir det garantert opning før tida. Entreprenøren Hæhre Entreprenør som stod for Filefjellutbygginga, veit vi har godt lag med dei fleste prosjekta sine, og også Filefjelltunnelen opna lenge før tida. Det gjorde forresten også tunnelen gjennom Bangskleiva.

Det gjer inntrykk å vera nær på dette prosjektet, også, å sjå kor straumlinjeforma og dyktig ein storentreprenør framstår i tett kompaniskap med byggherren Statens vegvesen. Onsdag fekk vi møte nok ein gjeng med stolte og dyktige arbeidsfolk på alle nivå. Vi er heilt viss om at resultata ikkje har kome av seg sjølv, men er ein gevinst av ein sterk arbeidsmoral og kultur som gjennomsyrar organisasjonen frå topp til botn.

Ja, det er grunn til å glede seg, over det som skjer og resultata. Det gjeld også vår lokale vegbyggjar, Brødrene Dokken, som vi har kunne fylgje dag for dag. Dei legg for dagen ein innsats det står stor respekt av og etter kvart som nye vegmetrar blir klargjorde på E16, blir det lagt asfalt. Det er rasjonell og moderne vegbygging.

Framleis, I minst to år til, vil det skje mykje på vegbyggjarfronten i Valdres med Vang og Vestre Slidre som åstad. Då eg sjølv fylgde markeringa av gjennomslagssalva i Kvamskleiva på nært hald onsdag, og vi bokstaveleg tala fekk sjå lyset 1100 meter inne i fjellet, tenkte eg mykje på om dette blir siste vegtunnelen i Valdres, i alle fall på lang, lang tid. Ja, det kan bli det.

Politikarane på Stortinget prøvde etter beste evne å selja inn sin velvilje til å sikre at prosjektet Fagernes Sør-Hande kjem inn att i Nasjonal Transportplan. Vi blir likevel aldri heilt klok på kva som skjedde i finalen. Det kunne ha vorte fleirtal der Fagernes kom med, blant anna ved hjelp av Ap og Frp, men det hjelp lite når dei ikkje stemde for Fagernes i den endelege voteringa. Difor er situasjonen framleis like uviss som før, vegen er ekstra lang fram så lenge prosjektet ikkje kom inn i Nasjonal Transportplan. Det skal bli tungt for somme av dei store politiske partia å sikre truverd når dei no skal gå ut i lokal valkamp omkring denne saka.

Likevel håpar vi at prosjektet ikkje blir ofra på beddingen lokalt. No gjeld det å ikkje gje opp. Det politiske vegvaldres, og ikkje minst mannskapet i Nord-Aurdal, har eit ansvar for å utmeisle ein strategi for korleis saka kan vinnast i neste omgang. Venteleg er det haldninga til Statens vegvesen og vegbyråkratane som har slege inn når Fagernes ikkje nådde fram. Det er dei som legg føringa. I konkurranse med andre store prosjekt i Norge, det er mange av dei, er ikkje trafikkbelastninga på denne vegen stor nok til at den nådde fram.

Likevel heng det ikkje på greip at Fagernes vil stå att som ein uhorveleg flaskehals når mykje av det andre er lagt til rette, og at vegen over fjellet, Filefjell, er den mest vintertrygge mellom aust og vest. Då skal det ikkje vera naudsynt å køyre over dørhellene på Fagernes.