Debatt
Kvifor? Jo, eit inntektssystem skal bidra til eit likeverdig tenestetilbod over heile landet, gjennom fordeling av midlar til fylkeskommunen. Dersom det er eit mål å halde oppe busetjing i heile landet, bør vi ha økonomi til å levere eit minimum av tenester innan skule, kultur, tannhelse, veg og kollektivtrafikk. Gjennom inntektssystemet blir rammetilskot og skatteinntekter fordelte mellom fylka. Dette er frie inntekter som fylkeskommunen sjølv disponerer.
Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet. Derfor har vi over fleire år arbeidd målretta og systematisk for å påverke departement og stortingskomité, gjennom å fortelje korleis økonomien tynger i distriktsfylket Innlandet.
Regjeringa følgjer nå opp med fleire forslag til endringar. Forslaga bygger på utgreiinga til eit ekspertutval som har gått gjennom inntektssystemet. Dei viktigaste endringane gjeld kostnadsnøkkelen, som blir brukt til å kompensere for variasjonar i kostnadene ved å tilby fylkeskommunale tenester. Den nye kostnadsnøkkelen er i hovudsak basert på analysane og tilrådingane til ekspertutvalet. Men forslaget til departementet skil seg frå utvalet på fleire viktige punkt, mellom anna på bakgrunn av innspel i den offentlege høyringa.

– Vi skulle gjerne asfaltert flere kilometer, men vi har dessverre ikke mer penger
Forklaringa er mellom anna at den nye kollektivnøkkelen legg mindre vekt på «trengselfaktor», og meir vekt på reiseavstand og distriktsomsyn. Ei justering som i det store og heile kjem distriktsfylka til gode, og er heilt i tråd med våre innspel frå Innlandet fylkesting.
Vi er einige i forslaga frå ekspertutvalet til endringar i kostnadsnøklane. Både ekspertutvalet og regjeringa har gjort ein god jobb med å finne meir treffsikre kriterium på både fylkesveg og kollektivtransport. Innlandet er fylket med flest kilometer fylkesveg, og det har vore vekta oppsiktsvekkjande lågt.
Vi har påpeikt gong på gong at det er urimeleg at folketal er viktigare enn kilometer fylkesveg og vedlikehaldsetterslepet. Kriteriet «personar mellom 16 og 18 år» har og vore vekta urimeleg tungt, medan kriteria «søkarar til læreplass» og «reiseavstand» har vore vekta lågt. Reiseveg er ei ufrivillig ulempe som fører til auka kostnadar innan både opplæring og tannhelse, og derfor er det bra at vi nå får endring.

Jørn fortviler: – Folk er bekymret for å kjøre i filler bilene sine
Det er mange her som har gjort ein jobb med å posisjonere Innlandet, med fylkestinget i spissen. Men eg vil spesielt nemne statssekretær Ole Gustav Narud i KDD og stortingsrepresentant Rune Støstad i kommunal- og forvaltningskomiteen. Dei har gjort ein framifrå innsats for at vi skal ha vårt rettmessige del av den økonomiske kaka.
Vi har blitt høyrd. Nå blir det endring. Innlandet er fylket som kjem best ut med nytt inntektssystem, og det underbyggjer påstandane våre om at vi fram til no har vore underfinansierte. 165 millionar kroner i pluss kvart år kjem godt med når vi skal vedta fylkesbudsjett framover. Nå er det endeleg vanlege innlendingar sin tur.