Onsdag morgon vakna Valdres til ei dramatisk hending ved Bygdin som skulle vise seg å ende med at nok eit ungt liv gjekk tapt.

25 år gamle Sondre frå Aurdal mista livet i ei uforståeleg og dramatisk bilulykke medan han var på jobb. Nok ein flott Valdres-ungdom har mista livet og etter kvart som den dramatiske hendinga vart kjent, opplever vi eit Valdres-samfunn i sorg og medkjensle.

Ved eit slikt høve er det naturlegvis den næraste familien som er hardast råka, men hendinga rører også ved eit heilt lokalsamfunn, arbeidsgjevaren, venner, kjente og kollegaer i Valdres og over det ganske land. Sondre var som Valdres-ungdom flest, ein flott ungdom som det er vondt å vite er teken frå oss.

Hendinga og utfallet vil naturlegvis setja sitt preg på lokalsamfunnet i lang tid framover. Sorg opplever vi forskjellig, og dei fleste har sin måte å handtere den på. Frå no og framover er det alle dei gode minna vi må ta med oss og leva vidare på.

Valdres-samfunnet har ved mange høve måtte handtere sorg knytt til at unge liv er gått tapt, anten i meiningslause ulykker, ved sjukdom eller sjølvdrap. Sorgprosessen har kanskje vore litt forskjellig, men eit fellestrekk har gjerne vore at dei unge i stor grad har søkt saman, støtta opp om kvarandre og slik takla sorga i hop.

Det vil alltid vera enklare å ha nokon å prate med og lufte tankane sine med enn å halde dei inne for seg sjølv. Det må også vera fint å ta med seg i situasjonen vi no står oppe i. Slik kan også både samfunnet og dei unge vekse og gå vidare.

Prate om det, setja ord på det meiningslause, stille spørsmål og søkje trøyst hjå kvarandre, gjerne ved hjelp av kompetanse frå prest og det krisepsykiatriske feltet. Vi har etter kvart mykje kompetanse på dette feltet i Valdres, til å handtere sorg ved død og dramatikk. Ofte får vi også høyre at Valdres-samfunnet er flinke i slike situasjonar.

Vi ser at mange stiller opp, verkeleg bryr seg og tek oppgåva på alvor, som igjen bidreg til at livet til alle dei som er råka blir lettare å leva. Våre lokalsamfunn viser styrke ved slike høve. Felles er at vi opplever at folk tek ansvar og bryr seg på ærleg vis.

Det finst mange «englar» der ute som stiller opp, engasjerer seg slik at det blir enklare for dei som er hardast råka å gå vidare. Spesielt veit vi at dei unge i Valdres verkeleg bryr seg og stiller opp for kvarandre når tragedien uventa slår inn. Det er ein kvalitet her i Valdres, og dei unge fortener ære for ein slik handlemåte.