Gå til sidens hovedinnhold

Når pasientar blir ordrereserve

Ei tverrpolitisk og tverrfagleg gruppe, som eg har delteke i, har jobba fram eit «Alternativ til helseforetaksmodellen». Det viktigast vi ynskjer å endre på er dagens butikkmodell innan sjukehusdrift. Frå forretningsmodell til forvaltning.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sjukehusa bør styrast og leiast i tråd med anna offentleg forvaltning og at det er det fagleg medisinske som skal vere førande og ikkje den økonomiske drivaren som har vokse fram etter helseforetaksmodellen kom i stand i 2001. Det må innførast eit skilje mellom midlar til investering og til drift.

I dag ser vi at Sykehuset Innlandet må spare og kutte for å få råd til å investere i nødvendig utstyr til drifta og til nødvendig vedlikehald og framtidige investeringar. Kva skal dei så spare på? Det blir i stor grad på bemanning og tilbod. Kven vil det kunne gå utover? Det blir fort pasienten.

Vi meiner det enkelte sjukehus skal finansierast direkte over statsbudsjettet med årlege rammar for driftsbudsjett og mindre investeringar etter same prinsipp som for kommunane. Dei større investeringane, som til dømes Sykehus Innlandet står framfor no, skal Stortinget behandle i ein årleg og rullerande sjukehus- og helseplan med eit investeringsprogram. Eit klart skilje mellom midlar til drift og til investering og med rammefinansiering som hovudfinansieringskjelde.

Spesialisthelsetenesta skal ha tilstrekkeleg sengekapasitet. Dersom ikkje sjukehus har det, vil dette skape store utfordringar for pasienten som kan oppleve å ikkje få plass eller bli sendt heim att for tidleg. Det blir eit hjerterått og sengelaust system. Spesielt innanfor psykiatrien har det vore eit stort nedtak på sengekapasitet og lengde på opphald. Har du brote ein fot og det ikkje er noko komplikasjonar, er det lett å planlegge når du skal heim att. Det er verre innanfor psykiatrien. Det er ikkje noko standardsvar på når du blir frisk og lengde på behandling er veldig individuelt.

Samlokaliseringa som no skjer i stor grad mellom somatikk og psykiatri fører til det som i offentlege dokument blir kalla «arealeffektive areal og lufting». Det er i praksis luftebalkongar og luftegardar til erstatning for landlege område som til dømes Reinsvoll og Sannerud ligg på i dag. Det må stillast store spørsmål til om behandlinga gjennom det blir meir effektiv og til det beste for pasienten!

Senterpartiet meiner at vi ikkje kan ha eit helsevesen basert på tellekantar, men på at pasientar skal få god, trygg og rett behandling. Vi må ha sjukehuskapasitet basert på forventa befolkningsvekst og sjukdomsbildet i befolkninga, ikkje ut frå forventningar om effektivisering, oppgåveoverføring til kommunane og kutt i liggetidene.

Det nedtaket vi ser innanfor både somatikk og psykiatri vil legge større press på det kommunale helsevesenet og vil gjere at stadig fleire må ty til det private tilbodet. Vi meiner at eit godt offentleg tilbod må sikrast for at alle skal ha like moglegheiter til rett behandling, til rett tid på rett stad.

Pasientar har vorte kundar, behandling eit produkt og ventelister har vorte ordrereservar. Vi kan ikkje ha eit system som tenkjer profitt framfor pasient. I dag er mange av dei aller viktigaste spørsmåla om sjukehus overlatne til styre og direktørar i helseforetaka, og dette påverkar heile det norske helsevesenet. Senterpartiet vil avskaffe helseforetaksmodellen og den bedriftsøkonomiske styringa av sjukehus, og heller innføre folkevald kontroll over sjukehusa.

Kommentarer til denne saken