I gang med Gjende

Nytt Bryggehus ved Gjendeosen. Illustrasjon.

Nytt Bryggehus ved Gjendeosen. Illustrasjon. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ti spektakulære natur- og kulturattraksjonar får sitt løft gjennom satsinga på Nasjonale turistvegar. Seks av dei er gjennomført. No er det opplevinga av Gjende som skal foredlast.

DEL

GJENDE: Gjende er ein av innfallsportane til Jotunheimen og ein viktig fjellterminal der bilveg og stiar møter Gjendebåten og DNT-hytta Gjendesheim. I dag er utsynet mot Gjendevatnet fylt av parkerte bilar på dominerande parkeringsplassar.

Gjennom turistvegsatsinga skal naturopplevinga få att overtaket. All gjesteparkering skal flyttast til utvida parkeringsplass ved Reinsvangen like ved fylkesveg 51. Her skal det byggjast nytt toalett. Ny brygge med tilhøyrande bryggehus skal betra tilhøva for Gjendebåten.

Arbeidet med brygge og parkeringsplass starta hausten 2017. I starten av 2018 blir bryggehuset og toalettet lyst ut på konkurranse med sikte på at alt dette skal vera klart til sesongen 2019. 

Innan 2020 skal ei bru over elva Sjoa vera på plass.

Innan 2020 skal ei bru over elva Sjoa vera på plass. Foto:

Innan 2020 skal også ei gangbru over Sjoa med tilhøyrande sti og parkeringsplass for dei som har rettar i området vera på plass. Siste byggetrinn er nytt servicebygg med kafe/kiosk og toalett som skal stå ferdig 2022/2023.


Artikkeltags