Unge miljøvernarar frå Rogne på sumarleir mot oljeboring

Deltakerne fra Oppland (f.v.): Eirin Hovde Åmodt (15) fra Fåvang, Erika Hoffmann (16) fra Rogne, Victoria Røed (17) fra Lillehammer og Mari Nygren (18) fra Lillehammer.

Deltakerne fra Oppland (f.v.): Eirin Hovde Åmodt (15) fra Fåvang, Erika Hoffmann (16) fra Rogne, Victoria Røed (17) fra Lillehammer og Mari Nygren (18) fra Lillehammer. Foto:

I vår har ungdommar over heile landet streika skulen for å krevje klimahandling. Eit par hundre av dei er no samla på Natur og Ungdom sin sumarleir, som har temaet “Norsk olje kokar kloden”.

DEL

VALDRES: Ungdommar frå lokallaget i Valdres har reist med buss og tog til Drageid leirskule i Trøndelag, for å lære meir om korleis klima- og miljøutfordringane kan løysast. Dei er klare for å halde trykket oppe mot klimaendringane.

– Klimastreikane i vår har vore fantastiske, men det er viktig at dei fører til ei endring. På leiren har vi lagt planar for korleis vi skal gjere lokalvalget i haust til eit skikkeleg miljøvalg, og halde trykket oppe på skulestreikane, seier Erika Hoffmann (16) frå Rogne.

Volleyball, gardsbesøk og vindkraftverk

Dagane på Drageid har høgt tempo, og mellom volleyball og fjellturar har deltakarane på sumarleiren blant anna fått vere med på gardsbesøk, oppdrettsanlegg, fisketur, foredrag om oljeboring, og tur til Bessakerfjellet vindkraftverk. For deltakarane frå Valdres har sumarleiren bydd på ny kunnskap og giv i miljøsaken.

– På sumarleiren har eg lært meir om naturen, kva som truar den, og korleis vi kan redde den. Mitt høgdepunkt under sumarleiren var å besøke eit oppdrettsanlegg i Flatanger, seier Erika.

Valdres Natur og Ungdom har store planar for den kommande hausten. I november skal organisasjonen møte i Borgarting Lagmannsrett, i eit søksmål mot den norske staten. Natur og Ungdom meiner oljeboring i Arktis bryt med ungdommane sin rett på eit leveleg miljø, som er gitt gjennom grunnloven sin paragraf 112. I tillegg mobiliserast det til ny nasjonal skulestreik, den 30. august.

Erika gler seg til å kjempe for miljøet vidare.

- Det har vore god stemning på årets leir, vi har jo akkurat vunne saken om oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja! Men det er mange kampar igjen, blant anna oljeboring i Arktis og gruvedumping i Repparfjorden. Denne sumarleiren har lært oss meir om korleis vi kan arbeide for å redde naturen - det gledar vi oss til å bruke, seier Erika.

Artikkeltags