Det kom fram under møtet på Fagernes torsdag kveld.
Olle Johansson sa at undersøkingar viser at det er ein stigande tendens at ungane har problem med å lære, hugsar dårleg og har svekte motoriske evner.
Lærarar med hovudpine
Sissel Halmøy viste til at mange lærarar i dag har hovudpine og at mange elevar knaskar smertestillande. Mange klasserom der det er trådlaust nett og lov for elevane å ha mobiltelefonar blir dei reinaste strålingssentralane.
– Det burde vera kabel i staden for trådlaust nett i alle klasserom sjølv om det er billigare med trådlaus ruter, sa Halmøy.
– Det er korrekt at det er trådlaust nett på NAUS, seier rådmann i Nord-Aurdal, Kristian Damstuen.
Bastante konklusjonar
– Forsking viser at trådlaust nett har helseskadeleg effekt, og Europarådet har frårådd trådlaust nett på skulane. Vurderte de dei helseskadelege effektane ved trådlaust nett?
– Nei, vi gjorde ikkje det, og eg vil gjerne sjå forskinga som er lagt til grunn før ein kjem med slike bastante konklusjonar. Men eg kjenner godt til at det i mange miljø er skepsis til elektromagnetisk stråling frå wifi og kraftlinjer, seier Damstuen, som opplyser at NAUS- elevane sine mobiltelefonar blir samla inn i eige webhotell.
På møtet åtvara elles både Johansson og Halmøy mot dei nye smartmålarane i sikringsskåp – og mot det nye 5G-nettet.
– Vi burde hoppe over 5G og i staden satse på fiber, sa Halmøy, som viste til at 5G-nettet vil krevja store mengder med strålande mobilmaster.