Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Denne veka kunne avisa Valdres fortelje at Valdres tingrett meiner det har gått ulovleg lang tid før ei bedragerisak kom opp for retten.
Det var hausten 2017 at Nav avslørte at ei Valdres-kvinne hadde fylt ut meldekort og fått til saman 111 796 kroner ho ikkje hadde krav på. Ho oppgav heller ikkje at ho hadde jobba 836,5 timar. Kvinna opplyste Nav i 2018 om at ho ikkje nekta for kravet, og byrja å betale attende pengane. Nav venta likevel til 2019 med å melde tilhøvet til politiet. I tillegg har saka lege eit halvt år hjå påtalestyresmaktene.
Saka kom difor ikkje opp i retten før no i januar 2021, over tre år etter at Nav oppdaga tilhøvet. At det skal ta så lang tid å få ei sak opp for retten når alle tilhøve er kjende, vedkomande ikkje nektar for krava og har betalt attende pengane, er uhøyrd. Sjølvsagt skal det straffe seg å prøve å bedra velferdssystema våre, men behandlingstida må stå i tilhøve til handlingane.
Dei aller fleste av oss er innom Nav på eit eller anna tidspunkt i livet, om det er sjukeløn, permitteringar, ulike trygdeutbetalingar eller pensjon. At vi blir møtt av eit system som prøver å hjelpe, særleg når vi går gjennom vanskelege periodar i livet, er viktig.
Det hender Nav sjølv gjer feil. Vi har trygdeskandalen i friskt minne, der Nav i mange år har tolka reglane for utbetaling av sjukeløn og arbeidsavklaringspengar ved opphald i utlandet feil. Fleire skal dermed ha fått urettelege krav om store attendebetalingar til Nav, og attpåtil fengselsdommar.
Så seint som i desember vart Nav også skulda for å ha tolka lovverket feil, når dei i praksis ber foreldre som blir utsette for samværssabotasje om å betale meir i barnebidrag til den forelderen som hindrar samvere.
Desse sakene er sjølvsagt ikkje like, og omhandlar ulike lovar og retningslinjer. Det dei likevel har sams er ei svært sein behandling i Nav-systemet når det gjeld oppfylgjing av lovbrot, uansett om det er Nav eller brukar av ei ordning som utfører det.
I domsslutninga frå Valdres tingrett er tingretten svært kritisk til at Nav har brukt tre år på å få saka for retten. Tingretten slo fast at den lange tidsbruken er eit brot på norsk lov og på europeiske menneskerettar, og gav kvinna strafferabatt.
Kritikken frå retten er alvorleg for Nav. No må Nav rydde opp, og det raskt.
_1.jpg?chk=71BB0D)