Vegdirektoratet sender i dag på høyring forslag til endring av regelverket for motorsport. Eitt av forslaga er at det skal bli mogleg for fleire motorsportforbund å drive med motorsport i Noreg.

– Eg ønsker å bidra til å auke konkurransen mellom dei som arrangerer motorsport. Det kan gi meir effektiv ressursbruk, lågare kostnader og auka tilbod for dei som driv med sporten. Difor foreslår vi no å opne for at fleire motorsportforbund enn dei to som har einerett i dag, skal kunne drive organisert motorsport, seier Dale.

Køyring på bane utan fartsgrense

Vidare føreslår vi at ein også under trening til konkurranse, på kurs og på såkalla "banedagar", skal kunne køyre raskare enn gjeldande fartsgrensa når politiet tillèt det. I dag er det berre under konkurransar at ein lovleg kan køyre raskare enn fartsgrensa.

– Det skal ikkje vere nødvendig å måtte ta omsyn til fartsgrenser når ein køyrer på ei lukka bane, og sikkerheita er tatt i vare. Ved å endre desse reglane, opnar vi opp for at fleire lovleg kan køyre fort i trygge omgjevnader, seier Dale.