Alle distrikt har ein veg å kjempe for. Det kjem tydeleg til syne når det er budsjettkampar i Stortinget og når nasjonal vegplan går rundane sine. Slik er det også på fylkesplanet og i kommunane. Det verkar som behovet er endelaust.

Det er spesielt fylkesvegnettet som har fått mykje merksemd, og det med god grunn. Etterslepet i vedlikehaldet her er formidabelt, og det vil utvilsamt enno gå mange år før ein er tritt med behovet.

At det er kamp om vegkronene i Norge, heng naturlegvis mykje saman med at vi er eit spesielt land med særeigen topografi. Vi er avhengige av eit vegnett som bitt grendene, distrikta og regionane saman. På grunn av mange forhold er det dyrt og komplisert å byggje ordentleg veg i Norge. Det er, til dømes, ekstra kostbart å førebyggje for frost og byggje veg i stein og fjell som det er mykje av. Det må vi ha med oss.

I mest kvar ein krik og krok i Valdres finst det vegstubbar som treng opprusting. Også Valdres merker at fylkesvegnettet har eit kraftig etterslep i vedlikehaldet. Dette heng ikkje minst saman med at det er tale om viktige vegar som bitt grendene og distriktet saman, og som dei seinare åra også har hatt kraftig trafikkauke.

Mykje av trafikkauken veit vi kjem frå hyttesatsinga både i samband med byggjeprosessen og seinare som fritidsbustader. Vegnettet kan samanliknast med blodårene i kroppen vår, det er heilt avgjerande for liv og utvikling.

Fleire verstingvegar på fylkesvegnettet i Valdres er utbetra siste åra. Det må vi ta med oss på den positive sida, men framleis er det kilometervis med fylkesveg som sårt treng utbetring. Mellom anna fylkesvegen gjennom Etnedal er ein slik strekning, men også andre utsette vegar i denne og andre av kommunane.

Kommunestyrerepresentant Harald Bjerknes har særleg engasjert seg i dette, og eit framstøyt i siste kommunestyremøte resulterte i eit brev til Frp-representantane på Stortinget frå Innlandet. Det er klart at det trengst statleg ekstraordinær draghjelp til fylka for at fylkesvegnettet skal kunne ta att etterslepet.

Hovudvegen gjennom Etnedal og også vegen opp til mange av dei store hytteområda i kommunen, har dårleg rykte på seg. Ja, så ille er det, at det rammar kommunen og kan vera ei medverkande årsak til at næringsliv og potensielle tilflyttarar vel bort kommunen. Slik det no står fram, er ikkje dette spesielt framtidsretta.

Poenget til Bjerknes er at utbetringane må gjerast på ein skikkeleg måte og ikkje berre flikking som det no ligg til rette for. Det er derfor behov for mange gonger dei 10–11 millionane fylkeskommunen har øyremerkt til utbetringa i Etnedal. Bjerknes antydar behov i storleik 200 millionar. No er det Etnedal sin tur.