No får låven på Litunet tett tak og ny grunnmur

Eigarane av Litunet i Øystre Slidre har sidan 2005, då dei kjøpte tunet, drive med restaurering og vedlikehald av dei gamle bygningane. No er det låven som får eit lyft. Til det arbeidet har Kulturminnefondet på Røros løyvd 120.000 kroner.