Gå til sidens hovedinnhold

No kan alle over 18 år i Etnedal ta kontakt med kommunen for å setje seg på venteliste

Vaksineringa blir gjennomført «i tur og orden», skriv Etnedal kommune, som ber folk om å vera tolmodige.

Etnedal: Alle over 18 år i Etnedal kommune som ynskjer vaksine mot korona kan no ringje legekontoret i Etnedal for å bli sett opp på liste for vaksinering. Dette gjeld alle som ikkje før har teke kontakt med kommunen, eller vorte kontakta tidlegare i samband med vaksinering. Det melder Etnedal kommune på Facebook og heimesidene sine.

Etnedal er så og seia i mål med å vaksinere alle i gruppe fire med fyrste dose, og vaksineringa av personar i gruppe fem startar no. 345 personar har til no fått fyrste dosen, medan 225 personar har fått si andre dose, skriv kommunen.

Veke 21 er det sett 42 dosar med Pfizer-vaksine, av desse er ein person vaksinert med fyrste dose, medan 41 har fått dose nummer to.

Etnedal kommune opplyser om at vaksineringa blir gjennomført «i tur og orden». Når folk har gjeve melding om at dei ynskjer vaksinering, vil dei bli kontakta for å avtale tidspunkt når det er deira tur. Kommunen per alle om å vera tolmodige til dei blir kontakta.

Kommentarer til denne saken