No kan den største landbrukseigedomen i Øystre Slidre bli seld. Det er spanande tider for Løken gard

NIBIO har gjort vedtak om å leggje ned forskingsverksemda ved Løken med verknad frå 1. januar 2021. No er det inngått ei intensjonsavtale der Opplysningsvesenets fond (OVF) sel eigedomen til Landbruks- og matdepartementet (LMD). Det er også ein plan om å etablere selskapet Nye Løken gard AS og eit nasjonalt ressurssenteret for fjellandbruket, som i neste omgang skal ta over eigedomen og drifte denne. Her er Øystre Slidre kommune medeigar.