For éin ting er sikkert: Det er eit svært splitta fylke som ligg att i ruinane etter to månader med debatt om framtida for Innlandet.

Fylkestinget må jobbe med å samle fylket. Ikkje minst er oppgåva å sørgje for at distrikta blir ivareteke i det framleis ganske så ferske fylket. Gode tilbod over heile fylket må stå høgt på prioriteringslista til fylkespolitikarane. Då hjelper det ikkje på med framlegg om å kutte viktige funksjonar og tilbod i distrikta, som me har sett dei to fyrste leveåra.

Å setje til side eit fleirtal i ei folkerøysting, som så tydeleg syner ei splitting mellom distriktskommunane og dei folketunge kommunane kring Mjøsa, kan fort straffe seg for Arbeidarpartiet ved dei neste vala. Difor har vedtaket i fylkestinget også kraft i seg til å ryste skikkeleg i grunnvollen for Støre-regjeringa, som alt har store vanskar med å oppfylle forventningane frå veljarane.

Både i Vestfold/Telemark og i Viken har Ap hamna på motsett standpunkt. Torsdag vedtok fylkestinget i Viken å oppløyse fylket - med Ap sine røyster. Senterungdomslaga i Oppland og Hedmark meiner Sp no må bryte samarbeidsavtalen med Ap. For Sp vil spørsmålet om partiet framleis kan regjere i Innlandet med Ap vera eit spørsmål om truverd.

Frontane i debatten om Innlandet har tidvis vore harde. Å samle innbyggjarane no er avgjerande. Prosessen har heller ikkje vore særleg godt lagt opp frå fylkestinget si side, med ei svært omdiskutert heildigital folkerøysting, som det var uklart før og under røystinga korleis ville bli brukt av fylkestinget.

Å lyfte fram Mjøsregionen som ein motpol til Oslo-regionen har vorte trekt fram som ei av hovudårsakene til at Innlandet bør bestå. For Mjøsregionen er det sjølvsagt bra, og då var det heller ikkje uventa at det nettopp var her at folkerøystinga synte fleirtal for Innlandet. Men for framtida er det rett og slett ikkje nok å arbeide for ein sterk Mjøsregion.

Heile fylket må med i utviklinga av Innlandet dei neste åra og tiåra. Særleg må fylkespolitikarane no ta tak for å sikre oppslutning og interesse for fylkestingsvalet, som det berre er halvtanna år til.