– Som fylgje av dataåtaket på Amedia i romjula, er det framleis ikkje mogleg å teikne seg som ny abonnent av avisa Valdres. Likevel har me no ei mellombels løysing på plass, som gjer at nye lesarar og tidlegare lesarar kan få ein gratis prøvesmak på det gode stoffet i avisa Valdres, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Valdres Media AS, Hilde Lysengen Havro.
Amedia vart natt til 28. desember råka av eit dataåtak som sette sentrale system ut av spel. Mellom anna vart abonnementssystemet råka. Difor er det enno ikkje mogleg å teikne seg som betalande abonnent av avisa Valdres.
Heilt kostnadsfritt
Ved å registrere deg som brukar no, får du full tilgang til alt innhaldet på avisa-valdres.no samt papiravisa som eAvis, i tillegg til direktesport.no gratis. Denne tilgangen kan delast med inntil fire andre i husstanden.
For å få tilgang og nytte deg av gratistilbodet, må du opprette ein aID-innlogging. Dette gjer du heilt kostnadsfritt, utan at du treng oppgje betalingsinformasjon.
Når prøveperioden er over, vert prøveabonnementet automatisk avslutta, utan at det vert trekt pengar.
– Mykje å by på
– Tilbodet gjeld ut januar månad, så her er det berre å kaste seg rundt. Me har mykje å by på, både av dag-til-dag-journalistikk, men det er også mogleg å kaste seg over redaksjonelle godbitar som «Hytteparadokset», dei gode korona-portretta om korleis pandemien har påverka enkeltmenneske, eller rett og slett fylgje med på kva me har skrive om den dramatiske stormen i november, lesa om unge og eldre som har flytta heim til Valdres og andre gode reportasjar, fortsett den ansvarlege redaktøren.
Alt Pluss-innhald
– Nyttar du sjansen no, får du tilgang til alt Pluss-innhald som abonnentane våre kan lesa kvar dag. Slik held du deg oppdatert om kva som skjer i Valdres, korleis utviklinga av koronasmitte er og korleis straumprisane påverkar deg som kunde, mellom anna, avsluttar Lysengen Havro.

Ny hyttepolitikk i Valdres?

Bygda ble nok en gang rammet av storm: – Vi klarer ikke mer, nå er det nok

Kristoffer har rydda i skogen i 1,5 måned, men ser ingen ende på ryddejobben: – Vi er bare så vidt i gang

Trass skyhøge straumprisar har Rasmus (50) halvert straumrekninga
