Gå til sidens hovedinnhold

No må Jonas byggje bru mellom by og land

Noregs neste statsminister Jonas Gahr Støre må hente fram det gamle slagordet «By og land, hand i hand.» Å mekle fram ei klimasemje mellom Sp og SV er noko av det fyrste han må gjera, om han vil ha med begge partia i regjering.

Kommentar

Han blir kåra til valets store vinnar trass i at partiet går attende frå førre stortingsval. Jonas Gahr Støre blir landets neste statsminister. Han er alt gratulert av Erna Solberg, som veljarane har sagt takk og farvel til. Støre ser også ut til å få fleirtal for draumeregjeringa si; Ap, Sp og SV.

No må Støre ut og byggje bruer. Han må byggje bru mellom by og land, mellom SV'arar og Sp'arar, mellom elbilfolket og dieselbilfolket. Det blir inga lett oppgåve.

Årets stortingsval synleggjer skiljet mellom byer og bygder. På bygda røyster folk Ap og Sp. I byane har SV, Venstre og MDG – parti med ein sterk klimaprofil – gått fram. I Oppland gjer MDG og Venstre det dårlegare enn sist stortingsval. SV går litt fram i Oppland. I Hedmark er biletet det same: Svak framgang for SV, og attendegang eller stillstand for Venstre og MDG.

Har ikkje innbyggjarane i Oppland teke inn over seg klimaendringane? Eller kjenner befolkninga seg framandgjort i den sentraliserte, polariserte klimadebatten? Det er noko Støre no må borre i. Han pustar nok letta ut av at MDG ikkje hamnar på vippen i Stortinget. MDG har størst tyngdepunkt i byane, og sentrale politikarar i partiet har ført ein konfronterande politikk. Fasiten er at den i liten grad har vunne gehøyr i Innlandet. Det bør vera eit tankekross for partia. Har det vekse fram ein avgrunn mellom byar og distrikt i klimapolitikken? Det er eit av dei viktigaste spørsmåla Støre må stille seg.

Distriktsopprøret og sentraliseringspolitikken fekk lita merksemd dei siste, intense vekene av valkampen. Likevel er det distriktsopprøret som har ført til den største mandatendringa på Stortinget, ikkje klimapolitikken. Det må vera noko av det mest overraskande ved sjølve resultatet, gitt at rapporten frå FNs klimapanel slo rett inn i valkampen i august.

No trengst det ein politikk for distrikt og klima som samlar, ikkje splittar, bygd og by. Den polariserte debatten som verkar framandgjerande, må leggjast til side. Løysingar som får ned klimagassutsleppa, men som råkar byar og bygder ulikt, må på plass. Innlandet har mykje fornybare ressursar, i vatn, skog og jord. Å sjå på distrikta som del av løysinga i klimaspørsmålet, må bli ei av dei viktigaste oppgåvene for Støre og den nye regjeringa.

Senterpartiet har ry på seg for å vera gode hestehandlarar. Partiet har vunne store sigrar i regjeringsforhandlingar før, og Støre må forvente at partiet stiller skarpskodde til forhandlingar om ny plattform. Ynskjer Støre å ha med seg SV, må han fyrst mekle fram ein klimapolitikk SV og Sp kan vera samd om.

Kommentarer til denne saken