Det er ikkje bonden sitt ansvar å sørge for mat på alle bord, men Staten sitt ansvar å løna bønder for å gjere dette arbeidet berre dei kan.

Les også

– Hadde det ikke vært for hun her hadde jeg lagt ned allerede i 2019

Hitra-aksjonen i 1975 førte m.a. til at Stortinget den 2. desember 1975 vedtok at bønder i løpet av 3 avtaleperiodar (innan 1982) skulle ha same inntekt som folk i andre yrke. Vi fekk ein kortvarig gullalder og ei sosial reformtid for landbruket, med m.a. ei ferie-/fritidsordning som den tid var eineståande i verda. Bruttoproduktet frå landbruket vart dobla frå 1975 til 1978, takk vere større overføringar og høgre produktprisar. Og vi fekk mjølkekvoter.

Kriseforliket i 1935 mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet og Hitra-aksjonen i 1975 må vi truleg rekne som dei største hendingane for norske bønder i 1900-åra.

Les også

Lena (44) og Jan Erik (45) investerer stort i usikre tider: – Jeg har fått mange spørsmål. At jeg tør å sette i gang.

No om dagen snakkar mange om å styrke Forsvaret. Ja visst, treng vi det. Men dei som trur vi kan verje ei 1700 km lang og smal landstripe mot åtak frå framande land, må vere stuttenkte. Meir enn 60 prosent av maten vi et, er innført, mykje på kjøl. Den dagen vi har krise som stoppar handelsvegar og matimport, er vi som nasjon ille ute. Lovfesta påbod om lagring av korn til mat og utsæd har vi ikkje, lager har vi ikkje, og dei få bøndene som er att, vil greie fø berre få av oss.

Når det gjeld mat, var vi truleg betre rusta i 1940 enn vi er i dag. Då hadde vi trass i alt 180 000 tonn korn på lager, vi hadde mange bønder, vi hadde jord, og vi vart ikkje utsvelta under okkupasjonstida, enda om mange lei skort på mat. Det er ikkje hjelp i fleire jagarar i lufta eller fleire kryssarar på vatnet når vi ikkje har mat til eige folk, og endå mindre til dei som må hjelpe oss. Det tek tid å laga matjord som erstattar areal vi byggjer ned med veg, kjøpesenter og datasenter, og vi kan snart oppleve mangel på mange matvarer vi er vortne vane med. Akkurat det kan forresten vere nyttig lærdom for mange.

Les også

Bjørn Olav (40):– Jeg har ikke tatt ut lønn fra drifta siden vi starta opp her

I all ufred og krig er det folket på bakken som må blø, det ser vi dagleg. Det er dei som må grø folk og jord, det er dei som må dyrka eit minstemål av mat, og det er dei som fostrar den ætta som må byggje landet på nytt. Dei viktigaste forsvarsgreinene noko land kan ha, er i denne rekka; mat – mødrer – sivilforsvar – heimevern.

Trygg mat og matforsyning er ikkje sjølvsagt. Norske landbruksprodukt inneheld berre brøkdelar av antibiotika o.a. framandstoff jamført med det vi finn i produkt frå dei fleste av dei landa vi importerer mat frå, og norskprodusert mat har stutt veg til butikkhylla.

«Det er for seint å snyte seg når nasen er borte» seier eit gamalt ordtak. Får ikkje jordbruket det økonomiske lyftet næringa bed om i år, har vi straks ingen matprodusentar igjen i landet, og då kan vi måtta leite i butikkhylla etter dyr importmat, om landa vi vanlegvis har kjøpt mat frå, i det heile teke har noko å avsjå til andre enn eige folk. Eg rår til at vi no stør den norske bonden, og at Regjeringa dekker det kravet næringa har sett fram!