Gå til sidens hovedinnhold

Nok ein person i Øystre Slidre koronasmitta – har kjent smitteveg

Ein ny person har testa positivt for covid-19 i Øystre Slidre tysdag, melder kommunen på sine heimesider.

Øystre Slidre: Kommuneoverlege Arild Jacobsen opplyser tysdag ettermiddag at ytterlegare ein person av dei 29 som vart sett i karantene fredag 26. mars har testa positivt for Covid -19.

Ingen nye er sett i karantene som fylgje av dette tilfellet.

Med dette siste smittetilfellet har 14 personar testa positivt samband med dette utbrotet. Alle desse har vore i karantene sidan 26. mars. Den nye positive testen har ikkje medført at nye personar er sett i karantene.

Per tysdag 6. april er 14 personar i isolasjon og to i smittekarantene i kommunen.

Alle born og tilsette som har vore i karantene etter smitteutbrotet før påske vart testa sundag 4. april, og har fått negativt prøveresultat. Dette betyr at dei no er ute av karantene, og at Beito barnehage var open att frå og med tysdag 6. april, melder kommunen.

Kommentarer til denne saken