Ein av dei største

Hilme: 2017

Hilme: 2017 Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Kappleiken under Jørn Hilme-stemnet har lange tradisjonar, og blir rekna som ein av dei største i landet, nest etter landskappleiken.

DEL

Nord-Aurdal: Kappleiken under Jørn Hilme-stemnet har lange tradisjonar, og blir rekna som ein av dei største i landet, nest etter landskappleiken.

– Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet tiltrekker seg dei fremste folkemusikarane og -dansarane i landet. Målet med kappleiken er å kåre dei beste utøvarane, men også å skapa ein sosial arena og samlingsplass, seier Ellen Persvold i festivalen.

Rekruttering

Sjølv om kappleiken trekker til seg dei aller beste, er han også ein viktig rekrutteringsarena.

– Folkemusikkmiljøet tek eit stort ansvar for å vidareføre musikken og dansen - gjennom aktivitetar i spel- og dansarlaga, på helgekurs og samlingar rundt kjøkenbordet i heimane. Samstundes er kappleikane ein fin arena og moglegheit for nye og ferske folkemusikarar til å teste kunnskapane sine, og samstundes lære seg å formidle musikken og dansen til eit nytt publikum, fortel Persvold.

Tradisjonstung men innovativt

Folkemusikken er tradisjonstung. Samstundes har Hilme-stemnet heilt sidan etableringa i 1960 vore ein av dei mest innovative i sitt slag. – Vi fornyar oss stadig. Dei siste åra freistar vi deltakarane med pengepremiar og finalespel på tvers av instrumentsjangrane. Slik blir det også i år, fortel Persvold. Laurdag under Hilme-veka blir det altså finalespel. Det er dei tre beste kappleiksprestasjonane med høgaste poengsum frå tevlingane på dagtid, uavhengig av klasse, som møtest til dyst på amfiet på Valdres Folkemuseum. Vinnaren stikk av med 10.000 kr, medan andreplassen og tredjeplassen blir lønte med høvesvis 5.000 kr og 2.000 kr. I domarpanelet sit det seks fagpersonar med ulike spisskompetansar. Seks domarar skal døme i så å seia alt. Det er i alt sju klasser ein kan melde seg på i.

Startlister

For å gjera kappleiken meir attraktiv for publikum blir det i år førehandspåmelding og startlister. Den einaste nivåinndelinga er junior- og seniorklasser. Seniorane (dei som er over 18 år) tevlar på laurdagen, medan juniorane tevlar på fredagen. Premieutdelinga går av stabelen sundagen.

Historikk

Jørn Hilme-stemnet vart skipa i 1960 og er den eldste folkemusikkfestivalen i Noreg. Festivalen er kalla opp etter den kjende spelemannen Jørn Hilme (1778–1854) frå Ulnes. Det er Valdres Folkemuseum, og den dåverande styraren Eiliv Odde Hauge, som har æra for det heile. Etter kvart tok Valdres Folkemusikklag over ansvaret for gjennomføringa. Kombinasjonen av kappleik, festival, kurs, dans og fest gjer stemnet populært i heile Folkemusikk-Noreg, og i utlandet. I tillegg er dei små stovene på Valdres Folkemuseum og konserten i stølsområdet Jaslangen to arenaer som har vore med på å definere Hilme-stemnet dei siste åra. Strunkeveko, ei kursveke for ungdom, er ein direkte avleggjar av Hilme-stemnet, og blir arrangert same veke som Hilme-stemnet kvart år.

Artikkeltags