Dansetonar og bedehussong

Staben & Yngstebrørne frå Hallingdal kjem til Tingnes kyrkje sundag 16. oktober.

Staben & Yngstebrørne frå Hallingdal kjem til Tingnes kyrkje sundag 16. oktober.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det blir dansetonar og frelsesarmesong i salig blanding når Staben & Yngstebrørne frå Hallingdal innbyr til konsert i Tingnes kyrkje sundag 16. oktober.

DEL

FAGERNES: Staben består av fem frelsesarmedamer i sin aller beste alder, og Yngstebrørne er nokre spretne karar som spelar på mange slag strenger. Gruppa hentar tekstar og tonar frå den folkelege musikktradisjonen vi blant anna kjenner frå Frelsesarmeen, og fyller på med hardingfele og trekkspel, mandolin, dobro og fleire slag gitarar.

Hør Staben og Yngstebrørne på Storefjell sommeren 2015.

Religiøs songtradisjon
Den folkelege, religiøse songtradisjonen inneheld tekstar om bratte bakkar, smale vegar og grøne enger. Her er levande vatn og gode kvilestader. Trua og vona byggjer ei himmelbru, til fest og glede i Guds paradis, til himmelsk bryllaupsfest rundt dekka bord. Pilegrimar treng musikk på vandringa, og i folkemusikken har vi eit rikt tilfang av gangarar og reiselåttar. Til bryllaupsfest i himmelen trengs både bruremarsj og brurevals, og spelemann Frank Syversrud frå Rukkedalen let fleire slike på hardingfelene sine.

Folkemusikk og bedehus
Kjennemerket til Staben & Yngstebrørne er å kombinere folkemusikk og bedehussong. I feleslåttar kan ein høyre drag som minner om songen til eit par frelsesarmédamer med gitar og trekkspel, og det er ikkje langt til songen deira og til norsk og svensk folkemusikktradisjon. Vegen er heller ikkje så lang over til køntri, blågras og irsk folkemusikk.

Veslesyster er med
Staben & Yngstebrørne tek også med seg veslesyster, Ingvild Bergun Sporsheim, som blant anna skal synge Lina Sandell sin vakre song Modersvingen. Fleire av Lina Sandell sine mest kjende songar er også med: Ingen er så trygg i fare, Blott en dag og Bred dine vide vingar. Dansbandmusikaren William Kristoffersen i Ole Ivars, har komponert musikken til ei samling åndelege viser skrivne av forfattaren Emil Skartveit. Desse vi Ingvild Bergun Sporsheim, Staben og Yngstebrørne framføre. Emil Skartveit har vunne salmekonkurransar og gjeve ut fleire bøker. Han vil leie oss gjennom kvelden.

Kyrkjeturné
Staben & Yngstebrørne har spelt i kyrkjene i Geilo, Gol, Nesbyen og Ål, på Storefjell og i Ål kulturhus, men også utafor Hallingdal, i Oslo, Moss og Sogndal. I 2014 gav gruppa ut ein CD med konsertopptak frå Geilo kulturkyrkje.

Artikkeltags