Hytte-idear for framtida

Hyttedraum: Vinnarane av innovasjonscampen designa ei hytte i nær pakt med naturen. Store vindauge, åker på taket og stølsdrift i nærleiken var noko av det som sjarmerte juryen.

Hyttedraum: Vinnarane av innovasjonscampen designa ei hytte i nær pakt med naturen. Store vindauge, åker på taket og stølsdrift i nærleiken var noko av det som sjarmerte juryen.

Artikkelen er over 1 år gammel

Hyttefelt i 2030 kan bli noko heilt anna enn det vi kjenner til i dag.

DEL

LEIRA: – Det er utruleg viktig at ungdom lærer seg å tenkje kreativt for framtida. Verdiskaping i Valdres skjer ikkje av seg sjølv, seier rådgjevar i Ungt entreprenørskap, Inger Toril Holte Breien.

Breien har følgt alle førsteklassingane ved Valdres vidaregåande skule gjennom fleire dagar til endes med arbeid og konkurranse på Innovasjonscamp. Det er på tide å kåre dei beste ideane.

Oppdrag: Arealutnytting

Oppdraget elevane har fått, er å skissere hytter og hyttefelt slik dei vil sjå ut i 2030. Berekraftig utvikling er ei målsetjing. Ein skal ikkje drive rovdrift på naturressane, men heller spela på lag med dei.

Utviklinga i hyttemarknaden treng nye, kreative hovud.

– Ein byggjer ut areal fordi det er økonomisk lønsamt. Men da øydelegg ein samstundes dei rekreasjonsområda som folk vil ha. Det er utfordringa, forklarar Fredrik Holte Breien, leiar for hytteprosjektet i VNK.

Dermed har stikkorda for elevane vore å tenkje effektivisering og fortetting. Heller oppgradere dei hyttene ein har enn å byggje nye. Breien seier det handlar om å konsentrere seg om dei hytteeigarane som allereie er her, så dei er kjem oftare.

Profesjonelt utført

Vinnargruppa av konkurransen blir kunngjort.

– Dei gjev inntrykk av å vera eit profesjonelt innovasjonsfirma, oppsummerer Magne Omsrud frå Hedda Hytter, etter at han har forklare korleis dei både har jobba med arealplan og design av sjølve hytta.

Luksus og tradisjon

Totalt er det seks medlemmar i gruppa. Tre av dei er til stades ved kunngjeringa. Ane Dokken, Maria-Lill Garvik og Erik Aashamar, alle elevar ved studiespesialisering. Dei har hatt det moro og er glade for å vinne. Prosjektet har engasjert.

– Visjonen er eit luksusorientert, moderne felt, i tillegg til tradisjonelle hytter. I staden for torvtak er det ein liten åker, der ein kan dyrke mat, fortel Dokken.

Fornybar energi

Mange idear har poppa opp medan elevane har jobba med dette. Dei utnyttar solenergien ved å ha mange og store vindauge, og la hyttene vende mot aust. I kjellaren skal det stå ein kaldfusjonsreaktor til eigen straumproduksjon. I nokon grad skal det betale seg sjølv.

– Overskotsstraumen kan ein bruke til å lade elbilen, forklarar Aashamar.

Innovasjonscamp 

Artikkeltags