Gå til sidens hovedinnhold

Nordaurdølen Anne Mette Strand med bok om politikaren Erik Strand (1877-1945)

Artikkelen er over 1 år gammel

Den utflytte nordaurdølen Anne Mette Strand kjem i haust ut med boka Stridsmann frå Strønd. Boka handlar om Erik Strand (1877–1945).

STRAND: Han var lærar og kyrkjesongar, og vart både ordførar, lensmann og stortingsmann. Han hadde i mange år ivra for at bøndene skulle samle seg politisk, og då han tok over som ordførar i 1920, hadde Bondepartiet, seinare Senterpartiet, nyleg vorte stifta. Erik Strand vart med det den første Senterparti-ordføraren i Nord-Aurdal.

Sparka og sett inn att igjen

Etter tida som ordførar, og deretter stortingsrepresentant, var Strand lensmann i Nord-Aurdal. Han vart sparka frå stillinga 30. juli 1941 og sett inn att i stillinga då Tyskland kapitulerte 8. mai 1945. 7. juni same år døydde han, men han rakk å få med seg kong Haakons tale på radio den dagen kongen kom heim att til Noreg.

– Historia om Erik Strand er ei forteljing om det politiske livet i Valdres i første halvdel av det førre hundreåret. Det lokale ordskiftet spegla nasjonale og internasjonale hendingar, den første verdskrigen, framvekst av klassestrid og fagrørsle, arbeidsløyse, konsesjonslovgjeving, økonomiske oppgangs- og nedgangstider, fortel Anne Mette Strand.

Personretta ordskifte og krass ordbruk

Likevel stod ofte mennene klarare fram enn sakene, for ordskiftet var personretta og ordbruken krass. Denne boka hentar fram att mange av dei mennene som var med i styre og stell for rundt 100 år sidan. Vi møter eit stort og interessant persongalleri av samfunnspersonar og politikarar, ikkje berre frå Valdres, men også frå resten av Oppland.

Personregisteret inneheld om lag 300 namn.

Anne Mette Strand (f. 1955) er barnebarn til Erik Strands bror og oppvaksen på Strønd i Nord-Aurdal. Ho er lektor og har arbeidd mange år i utanrikstenesta.

Boka er på 144 sider og blir gitt ut på Kvitvella Forlag, som synest det passar bra å gi ut boka no fordi Senterpartiet i år fyller 100 år.

Kommentarer til denne saken