Ny medlemsrekord i Noregs Mållag

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, gler seg over medlemsauke og medlemsrekord.

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, gler seg over medlemsauke og medlemsrekord. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

I løpet av helga passerte Noregs Mållag 13 000 medlemer, og er no oppe i rekordhøge 13107 medlemer.

DEL

Dette er nesten 3000 fleire enn for ti år sidan, og det høgste medlemstalet på over 25 år. Auken er størst i dei store byane, men Mållaget aukar i alle fylke, over heile landet.

– Fleire medlemer gjer Mållaget til ein større og sterkare organisasjon, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Han peikar på at ei av dei viktige utfordringane for det nye året er å sikre nynorskelevane digitale læremiddel og verktøy på nynorsk.

– Det har kome fleire lyspunkt for nynorsken siste året, seier Magne Aasbrenn. Han nemner mellom anna at VG har opna for nynorsk på redaksjonell plass, heile fire kommunar har byrja med nynorskundervisning for vaksne innvandrarar og LO har styrkt nynorskformuleringane i handlingsprogrammet sitt.

– I haust har heile organisasjonen stått på for å verve medlemer, og vi ser at det nyttar. Dette gjev pågangsmot og arbeidslyst, slår Magne Aasbrenn fast.

Heilt nytt i år er at Oslo Mållag er blitt det største lokallaget med 530 medlemer, tett følgt av Bergen Mållag og Bondeungdomslaget i Oslo.

Artikkeltags