Startetappe i Valdres

Til Valdres: Mållagsleiar Magne Aasbrenn kjem til Valdres i neste veke i spissen for Nynorskstafetten 2017.

Til Valdres: Mållagsleiar Magne Aasbrenn kjem til Valdres i neste veke i spissen for Nynorskstafetten 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Noregs Mållag fører vidare tradisjonen med sin årlege nynorskstafett. I veka som kjem, er det Valdres som får besøk av mållagsleiar Magne Aasbrenn.

DEL

Nynorskstafetten 2017Stafetten startar med besøk i Sør-Aurdal måndag. I løpet av veka skal alle dei seks valdreskommunane få besøk.

I Nord-Aurdal blir det ope møte på biblioteket på Fagernes onsdag. Magne Aasbrenn, som har vore lærar i Fredrikstad i mange år, vil halde foredrag om fordelane ved å velja nynorsk som skulemål. Til dette møtet er foreldre til 1.-klassingane hausten 2018 spesielt inviterte. I Nord-Aurdal vil Aasbrenn dessutan ha møte med leiinga i Nord-Aurdal kommune, Valdres vidaregåande skule og Valdres Natur- og Kulturpark.

Noregs Mållag, som arbeider for nynorsk og bruk av dialekt, er ein organisasjon som er på frammarsj, og medlemstalet er i ferd med å passere 13.000 – noko som er det høgaste sidan 1980-talet.

Artikkeltags