Auka forholdstal for kumjølkkvotar på fem prosentpoeng

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Landbruks- og matdepartementet har i dag gjennomført ekstraordinære kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

DEL

Norge: På bakgrunn av dette har Landbruks- og matdepartementet vedteke å auke forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk med fem prosentpoeng, frå 0,99 til 1,04, for 2018.

Som følgje av turka

Tørkesituasjonen i landbruket går hardt ut over dei produsentane som produserer grovfôr til eigne husdyr, og har skapt usikkerheit kring mjølkeleveransane. I eit ekstraordinært møte den 22. august 2018 gjorde marknadsregulator Tine greie for marknadssituasjonen og prognosar knytt til levering av mjølk for resten av 2018. Tine foreslo å auke forholdstalet frå 0,99 til 1,04 for 2018.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag støtta Tine sitt forslag om å auke forholdstalet. Basert på råd frå jordbrukets organisasjonar og diskusjonen i møtet, har Landbruks- og matdepartementet i dag vedteke å auke forholdstalet for kumjølk frå 0,99 til 1,04 for 2018.

Uvisst med utviklinga

– Eg har i denne saka lagt avgjerande vekt på dei råda eg har fått frå marknadsregulator og frå faglaga, seier statsråd Jon Georg Dale. Det er enno uvisst korleis samla norsk mjølkeproduksjon vil utvikle seg ut over hausten og inn i 2019. Auken i forholdstalet no gjev i alle høve moglegheit til at dei som kan, no kan auke produksjonen, seier Dale.

Artikkeltags