Gå til sidens hovedinnhold

Norsk Målungdom reagerer på handsaminga nynorskelevane får i skulen: – Dette er eit brot på barnekonvensjonen

– Landsmøtet i Norsk Målungdom reagerer på handsaminga nynorskelevane får i skulen i dag, og meiner dette er eit brot på barnekonvensjonen, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom.

Norge: 14.–15. november samla Norsk Målungdom seg til eit omframt landsmøte digitalt. På landsmøtet vedtok dei prioriteringar for det neste halve året, i tillegg til ny politikk.

– Landsmøtet i Norsk Målungdom reagerer på handsaminga nynorskelevane får i skulen i dag, og meiner dette er eit brot på barnekonvensjonen, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom.

Ho viser mellom anna til artikkel 8 i barnekonvensjonen, som slår fast at staten skal «respektere barnet sin rett til å bevare sin identitet».

– Språk er identitet. Når ei elevgruppe konstant må kjempe for å lære og delta i undervisninga på språket dei bruker, kan vi ikkje sjå det på noko anna måte enn at nynorskelevane ikkje får respektert sin rett til å ta vare på sin identitet. Dei får dårlegare opplæring, manglar læremiddel på språket sitt og ikkje får møte språket sitt nok i kvardagen, seier Skjold.

Landsmøtet i Norsk Målungdom krev no at staten skal følge barnekonvensjonen, også for nynorskelevane.

– Dette meiner vi burde vere heilt sjølvsagt. No forventar vi at regjeringa tar grep, og sikrar at også nynorskbrukande barn får dei rettane dei har krav på, avsluttar Skjold.

Les også

Jul i Valdres med «Den første jul i koronaland»

Kommentarer til denne saken