Pascale Baudonnel kjem til ostefestivalen på Beitostølen

Pascale Baudonnel kjem til Norsk Ostefestival på Beitostølen for å snakke om sauemjølking.

Pascale Baudonnel kjem til Norsk Ostefestival på Beitostølen for å snakke om sauemjølking. Foto:

Av

Ein av landets fremste innanfor lokal ysting, Bascale Baudonnel, kjem til Norsk Ostefestival på Beitostølen til helga. Ho skal ha innlegg på seminar om sauemjølking og produksjon av saueost laurdag 1. september.

DEL

BEITOSTØLEN: Pascale Baudonnel har spela ei avgjerande rolle for å ta opp att ysting på gardar og stølar i Norge. Ho har vore med på å skape organisasjonen Norsk Gardsost, og ho har kjempa gjennom moglegheiten til å lage ost av upasteurisert mjølk.

Ho er kurslærar på ystekursa på Sogn Jord- og Hagebruksskule og spesialrådgivar i Norsk Gardsost. I velassorterte ostediskar finn vi som regel fleire ostar som er laga på sauemjølk. Dei kjem frå Spania, Hellas, Italia eller Frankrike og heiter Pecorino, Fetaost og Roqefort.

Kvifor kan vi ikkje lage desse ostane sjølve? Dette er noko av bakgrunnen for at Norsk Landbruksrådgiving Innlandet inviterer til sauemjølkseminar.

På seminaret vil journalist og forfattar Helge Gudheim ha innlegg om norske tradisjonar med sauemjølking, og han vil formidle erfaringar frå studieturar i Europa.

Forskar Leif Jarle Asheim vil snakke om marknaden for saueost og korleis ein kan lykkast med økonomien i produksjonen.

Og så vil det bli ei erfaringsutveksling der både dei som har prøvd sauemjølking og dei som har lyst til å prøve, kan utveksle synspunkt.

Artikkeltags