Med borna til Nøsen for leik og yoga

Yoga og Familiefestival: Instruktør Ingebjørg Vesaas frå Telemark viser alle borna og nokre av mødrene korleis yogaen skal gjerast.

Yoga og Familiefestival: Instruktør Ingebjørg Vesaas frå Telemark viser alle borna og nokre av mødrene korleis yogaen skal gjerast.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det var eit yrande liv på Nøsen Yoga Retreat Center i helga. Fire månader i vinter var det akuttmottak, men den tida er over. No satsar husverten Alexander Medin på yogagjester.

DEL

NØSEN: Det fyrste ein møter når ein kjem til Nøsen Yoga Retreat Center er høns. Dei trippar rundt utanfor døra og har det svært så bra i flotte naturomgjevnader. Staden ser ut som før, men innanfor dørene har det skjedd noko med den tidlegare fjellstogo.

– Ja, eg har brukt mykje pengar på oppussing. Fyrst ein halv million kroner, før eg kjøpte staden og deretter måtte eg ta att både reinseanlegg og elanlegget. Eg har nok hatt utlegg på 1,2 millionar kroner for å få staden i forskriftsmessig stand slik at eg fekk forsikra det, fortel Medin.

Yoga for dei minste
Akkurat denne helga her var det ikkje økonomi eller oppussing som var i fokus for Medin, for med 88 gjester var det nok å ta seg til. Over halvparten av dei var born, som saman med foreldra hadde kome for å vera med på noko nytt. «Er du lei av «Tusenfryder», sukkerspinn og karuseller, Vil du heller kombinere moro for barn med norsk fjellheim – sunn mat, fysisk utfoldelse og aktiviteter. Da er Nøsens familiefestival midt i blinken for dere», skreiv Medin på Facebook. Det slo an. Òg då avisa Valdres svinga innom, var yogatimane i full gang. Små og litt større tøygde og strekte, hoppa og spratt. Yoga er ikkje berre lotusstilling og indre meditasjon, iallfall ikkje for desse ivrige krabatane.

Å vera til stades i livet
–For meg er det å gjera godt og vera god som er viktig. Ein må vera til stades i livet. Det forsøker eg å formidle. Hit kjem det alt frå advokatar til fysioterapeutar. Det er alle typar folk. Målet mitt er å byggje opp landets største yoga og retreat center, fortel Medin.

Har har knytt til seg mange ressurspersonar og kjenner mange i miljøet. Sjølv har han spesialisert seg på yogaforma «Ashtanga», som han har undervist i tjue år. Det er berre 33 i verda som er sertifisert i denne forma for yoga, blir avisa Valdres fortalt. Tidlegare i sommar har han arrangerte både budeieyoga og yogafestival. Medin brenn ikkje inne med ideane sine.

Samarbeid med Slidreøya
– Tidlegare har eg arbeidd med å lære bort yoga til dei som har kome litt feil i livet. Prosjektet «Back in the ring» og «Gangster Yoga» er noko av dette. Vi har undervist i sju ulike fengsel og hatt tiltak for rusavhengige i åtte byar i Norge. Yoga skapar balanse og harmoni. Det er godt for alle, ikkje minst denne gruppa, fortel Medin.

No har han på gang eit samarbeid med fengselet på Slidreøya og allereie 9. september er det klart for eit kurs som går på korleis yoga kan brukast i traumerelatert arbeid. Målgruppa er fritidsleiarar, miljøarbeidarar og andre som har eit slik arbeid. Medin har fått med seg grunnleggjaren av «Prison Yoga Prosjekt» i USA, James Fox, til dette kurset.

Tok med borna til fjells
Ein av dei mødrene som tok med borna til fjells i helga, var Ellen Marie Larsen med sønene Hjalmar og Snorre Magnus.

– Eg har drive mykje med både skikøyring og klatring, men synest yoga er eit godt tilskot til dette. Det gjer at eg får planta føtene på bakken og rydda i tankane mine. Eg er småbarnsmor, så då passa det ekstra godt å ta med seg denne yogahelga her, fortel Larsen. Så var det tid for middag og alle flokka seg rundt matfatet. Mat må òg yogaborna ha.

____________

Nøsen Yoga Retreat Center:

  • Alexander Medin (47) kjem frå Oslo og har slått seg ned på Nøsen etter at han kjøpte Nøsen Fjellstue for fem millionar kroner.
  • Han har eit mål om at Nøsen Yoga Retreat Center skal bli det leiande i landet av sitt slag.
  • Ofte har han kurs av ulike slag og i helga var det familien som var i fokus.
  • Sjølv har Medin ein vaksen son, Benjamin A. Lindh Medin, som arbeidar på senteret.

Artikkeltags