Filefjell: Ordførar Vidar Eltun er som vanleg på hogget og kommenterer dette på Facebook. Men, det er jo besynderleg, at statskanalen ikkje får med seg at Filefjell framleis er open, men at det er kolonnekøyring. Kolonnekøyringa vart sett i gang klokka 14.24 onsdag ettermiddag.

"Hei NRK: Er det nokon veg mellom aust og vest som er open? Går det an å koma seg over fjellet?" Det skriv Eltun på Facebook.

– Kraftig vêr

Frå natt til onsdag og utover dagen stengde fleire av dei mest sentrale fjellovergangar i Sør-Noreg. Klokka 14.35 vart det innført kolonnekøyring på den siste strekninga som var open, E16 Filefjell.

– Det er ganske kraftig vêr når det er kolonnekøyring der også. Det er ikkje så ofte det skjer, seier trafikkoperatør Marius Råve ved Vegtrafikksentralen til NRK klokka 15.15.

Men, på fronten på nettsida til NRK lyser det mot ein at alle fjellovergangane mellom aust og vest er stengde.

Vart stengde etter kvart

I tur og orden har fjellovergangane Hol-Aurland på fv. 50, rv. 7 over Hardangervidda og fv. 53 mellom Tyin-Årdal blitt stengde. Både over Hemsedalsfjellet (rv. 52) og Haukelifjell (E134) er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Mellom Vestland og Innlandet vert ikkje Tyin-Årdal opna onsdag, melder Vegtrafikksentralen. Dette er status i Sør-Noreg, oppdatert kl. 14.35, melder NRK.

  • E16 Filefjell: Kolonnekøyring grunna uvêr
  • Rv52 Hemsedalsfjellet: Kolonne
  • Rv7 Hardangervidda: Stengd
  • E134 Haukelifjell: Stengd
  • Rv15 Strynefjellet: Stengd. Kolonne for køyretøy over 7,5t
  • Rv13 Vikafjellet: Kolonne
  • Fv50 Hol-Aurland: Stengd. Blir ikkje opna i dag
  • Fv53 Tyin-Årdal: Stengd. Blir ikkje opna i dag.