For det fyrste har NRK måtta oppretta ei eigen avdeling for opplæring av journaliststaben sin, og oppretta kvoter for nynorskstoff for medarbeidarane. Tvang.

For det andre er det heilt i det uvisse korleis denne språkteljinga har gått føre seg. Mange har den trua, at NRK her har «juksa lite grann», og talt med bruk av vestlandsnære dialekter som nynorsk. Nynorsk i skrift er det få som kan sjå å vera mogleg i det heile, i og med at NRK i all hovudsak handlar om talt språk, anten det er radio eller TV.

Dersom det berre er snakk om 25 prosent av teksta TV-program teksta på nynorsk eller 25 prosent av Tekst-TV på nynorsk, så kan ein ikkje anna enn å le av heile greia. Det er i alle fall ingen i NRK som er interessert i å fortelja korleis 25-prosenten er framkomen, i mi erfaring.

Så, støverdig og tenksamt folk bør absolutt ta dette talet med ei dugeleg klype salt.

– Og kanskje nokre korn med kaustisk soda attpå.