Gå til sidens hovedinnhold

Ny barnehage på Fagernes

Det er godt kjent at barnehagen på Fagernes treng nye lokale og plass til fleire ungar. Denne veka kjem saka opp for kommunestyret. Kommunedirektøren tilrår at ein samstundes ser på heile barnehagestrukturen i Nord-Aurdal.

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dermed er debatten i gang: Kor mange og kor store barnehagar skal kommunen ha i framtida? Utdanningsforbundet i Nord-Aurdal ynskjer ein ny og større barnehage på Fagernes velkomen. Vi meiner samstundes det viktig å oppretthalde strukturen med fleire mindre barnehagar rundt i kommunen.

Eit godt vedtak i denne saka set omsynet til barna fyrst. Det aller viktigaste for ungane er at dei kjenner seg trygge på dei vaksne i barnehagen. Kvar morgon skal dei bli tekne i mot av nokon dei kjenner og stolar på. Når foreldra hentar i barnehagen, skal dei møte nokon som veit kva ungane har opplevd om dagen. Di større barnehagen er, di større krav stiller det til organiseringa om dette skal vera mogleg å oppnå.

I dag har Fagernes barnehage 72 plassar, Leira barnehage 36. Vestringsbygda, Skrautvål, Ulnes og private Ranheim naturbarnehage har til saman 270 plassar. Utdanningsforbundet har vore representerte i plankomiteen som tilrår bygging av ein ny barnehage på Fagernes og framleis drift i Leira barnehage. Bygger ein for inntil 150 plassar på Fagernes, vil dette koma Fagernes-foreldra sine ynske i møte og ta høgd for ein mogleg folketalsauke.

Spørsmålet som no kjem til å bli stilt, er om ein bør legge ned nokon av dei mindre barnehagane og heller byggje for 200 plassar eller meir på Fagernes. Dette meiner vi vil vera ei svært uheldig avgjerd både for ungane og for Nord-Aurdal kommune.

Det er lett å tenkje at større einingar er billegare å drifte. Færre barnehagar gir til dømes færre barnehagestyrarar. På den andre sida kan store barnehagar bli så krevjande organisasjonar at det skaper behov for fleire administrative stillingar. Då er det slett ikkje sikkert at det løner seg å samle fleire små til ein stor.

Barnehage i nærmiljøet er viktig for alle, ikkje berre for folk i sentrum. Å byggje for framtida er dessutan vanskeleg. Nord-Aurdal kommune arbeider for tida med å finne ut kva for arbeidsplassar ein må skape hvis folketalet skal auke. Då er det viktig å hugse at folk som flyttar til Valdres, også flyttar frå noko. Dei ynskjer seg ein kvardag tettare på naturen og eit lokalmiljø der folk stoppar og slår av ein prat når dei møtest. I tette bymiljø er kanskje store barnehagar det einaste moglege. I Valdres har vi plass til å tenkje annleis.

Ein ny barnehage i Nord-Aurdal må ta utgangspunkt i dei positive fortrinna til kommunen. Fleire av dei små barnehagane har store uteområde og turterreng rett utanfor grinda. Noko liknande er det mogleg å få til på Fagernes. Difor er det spesielt viktig kvar ein ny barnehage skal liggje. I dag deler Fagernes barnehage nærmiljø med barne- og ungdomsskulen. Det skaper både pedagogiske og trafikale utfordringar. Difor er det viktig å sjå på andre moglege plasseringar for ein ny sentrumsbarnehage.

Uansett kva som blir konklusjonen, håpar og trur vi at kommunestyret vil lytte til fagfolka. Involver dei tilsette i planlegginga. Dei kjenner styringsdokumenta for barnehagane best. Dei veit kva for utfordringar ein møter når ein skal omsetje teori til gode, pedagogiske opplegg tilpassa der enkelte barnet. Barnehagar er ikkje berre hus, dei er viktige rammer rundt oppveksten til barna våre.

Vi er veldig glade for at det går mot bygging på Fagernes og ser fram til å følgje prosessen vidare.

Kommentarer til denne saken