Gå til sidens hovedinnhold

Ny hyttepolitikk i Valdres?

Valdres treng ein større og meir open debatt om hyttebygginga i framtida.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Artikkelserien Hytteparadokset har vore mellom dei største redaksjonelle prosjekta avisa har gjennomført. Gjennom 14 artiklar har lesarane våre kunne ta eit godt dykk ned i eit tema som har vore - og er - viktig for Valdres. Me skal ikkje seia at det har kosta «blod, sveitte og tårer», men store journalistiske prosjekt er krevjande for lokalaviser å gjennomføre.

Les også

Skjer hyttebygginga i hytt og vær, eller har kommunene kontroll?

Likevel skal me det. Ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er å gå bakom tala, fylgje kapitalen, skaffe oversikt og jobbe overordna og langsiktig med saker som er viktige for Valdres.

Er «Valdresen» vorte mot hyttebygging? Nei, sjølvsagt ikkje. Men skal hyttebygginga halde fram på same måten som i dag? Valdres manglar oversyn over kor mykje natur som blir bygd ned og kva slags konsekvensar dette får. Me har ikkje eit totalt oversyn over klimagassutsleppa som fylgjer med hyttebygginga. Ringverknadane er, som me også har skrive om, store for næringsliv og arbeidsplassar, men ingen kan peike på konkrete tal. Kommunane veit heller ikkje om hytteeigarane i praksis belastar kommunebudsjettet, eller kommunane går i pluss.

I fleire av artiklane har me prøvd å sjå i glaskula. Korleis kan ei berekraftig (både økonomisk og klimamessig) hyttebygging vera i framtida? Kva type fritidsbustader vil potensielle eigarar av fritidsbustader ha – ikkje berre her og no, eller fem år fram i tid, men om 10 år, 20 år og 40 år? Kva type fritidsbustader kjem «klimabrølgenerasjonen» til å kjøpe seg? Skal me ha ei fjellgrense i Valdres? På kva slags grunnlag fattar politikarane avgjerder? Kva slags kunnskap og kompetanse ligg til grunn?

Les også

Her planlegges en av Valdres' største hytteutbygginger

Valdres treng ein større og meir open debatt om hyttebygginga i framtida. Ein debatt som ser moglegheiter, i staden for å hamne i skyttargravene. Å kritisere dagens form for hyttebygging er ikkje det same som å meine at det trengst ein byggjestopp. Det er fullt mogleg å vera for utvikling av lokalt næringsliv og arbeidsplassar og samstundes trekkje opp prinsipielle spørsmål kring nedbygging av natur.

Me har fått fleire attendemeldingar frå folk som ikkje orkar å delta i debatten om hyttebygging. Dei har fått melding om å «halde kjaft», at dette har dei ikkje noko greie på, eller dei blir lattarleggjorte av motstandaren. Dette er ein uhorveleg usunn måte å debattere på, og skadar den gode samfunnssamtalen me treng for å utvikle Valdres.

Respekt for kvarandre og synspunkta til motparten må alltid liggje til grunn for ein open og demokratisk debatt.

Kommentarer til denne saken