Øystre Slidre: Dette smittetilfellet har samanheng med det tilfellet som vart meldt fredag.
Som ein følgje av dette er no 29 personar som var i ventekarantene no sett i smittekarantene. I tillegg er om lag 10 personar i ventekarantene.
Jacobsen opplyser at det ikkje er sett fleire personar i karantene som ein følgje av den siste positive testen.
Avdelingane Juvike, Midthøgde og Smørkøll på Øystre Slidre helsetun er stengt for besøkande i helga. Dette er utelukkande eit førebyggjande tiltak; ingen pasientar eller tilsette på helsetunet er så langt råka av smittetilfellet. Det vil bli gjort ny vurdering av dette måndag.
Kommentarer til denne saken