Anders Røine skal lage musikk med Steven Van Zandt

Klar for nye episodar: Steven Van Zandt er klar for nye episodar av Lillyhammer. Men fyrst blir det innspeling av filmmusikk         med blant andre Anders Røine (innfelt).Foto: Rubicon

Klar for nye episodar: Steven Van Zandt er klar for nye episodar av Lillyhammer. Men fyrst blir det innspeling av filmmusikk med blant andre Anders Røine (innfelt).Foto: Rubicon

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Multiinstrumentalisten Anders Røine går i lydstudio med Steven Van Zandt.

DEL

Oslo: Røine skal bidra med filmmusikk saman med blant andre Erik Sollid i Valkyrien Allstars. Det skjer i Rainbow studio i Oslo i løpet av dei nærmaste dagane.

Det er ikkje første gong at Røine spelar inn filmmusikk til Lilyhammer saman med Steven Van Zandt, også kjend som Little Steven – og i TV-serien om Lilyhammer som mafiabossen Frank «The Fixer» Tagliano. Under forrige innspeling var også heile Valkyrien Allstars, med valdrisen Ola Hilmen på laget, også med.

Viste Steven langeleiken

– Sist gong eg var innleigd til filminnspelinga, spelte eg munnharpe. Etter ei stund tok eg også opp langeleiken og viste han til Little Steven. Då eg hadde prøvespelt ein lått, var Little Stevens kommentar: «We have to put this on everything», fortel Røine.

Han var sjølv litt i tvil om han skulle dra fram leiken.– Eg var nok litt «star struck». Men då eg vart varm i trøya, tok eg opp langeleiken. Det var i seinaste laget. Men vi fekk faktisk lurt inn litt langeleik i den forrige serien, seier Røine. Og det var tydeleg at langeleiken appellerte til Little Steven.– Eg er ikkje i tvil om at langeleiken er mentet for framtida, seier Anders Røine, som sjølv trakterer ei rekke instrument.– Steven har også samla ein heil haug med kjende jazzmusikarar til årets serie. Eg veit ikkje riktig korleis han har tenkt det denne gongen. Men sist så spelte eg munnharpe i duett med han på 12-strengs gitar.

Mafiaen og Bygde-Norge

– «Come on», her er «grooven», var hans kommentar. Så spelte vi ut frå grove skisser. Mykje var laust, noko var improvisert. Det skulle vera norsk sound. Vi skulle få fram kontrasten mellom amerikansk mafioso og Bygde-Norge. Derfor var det blanding av storbandjazz, munnharpe, hardingfele og langeleik, fortel Røine.Røine, som i mange år budde i Øystre Slidre og har sine slektsrøter i Valdres, bur no i Bø. Han er blant anna kjend frå duoen Suddan Dudan saman med Marit Karlberg. Suddan Dudan kjem elles med ny CD 4. oktober. Så det blir hektisk og hendingsrikt for Røine framover.

Neste Lilyhammer

Det er enno ikkje avklart når den neste serien med Lilyhammer kjem på TV.– Serien er i produksjon, og det er enno ikkje avgjort om serien kjem på lufta i løpet av hausten eller om vi må vente til våren 2014, blir det opplyst frå NRK.

Eg var litt «star struck». Men då eg vart varm i trøya, tok eg opp leiken.

Anders Røine

Norsk TV-serie produsert av Rubicon TV for NRK med Steven Van Zandt i hovudrolla.Steven Van Zandt er ein amerikansk musikar, songar, plateprodusent og skodespelar. Som musikar er han kjend frå Bruce Springsteens E Street Band der han spelar gitar og mandolin. Ander Røine er folkemusikar og mulitiinstrumentalist, blant anna kjend frå Suddan Dudan.

Artikkeltags