Årets kulturprisvinnar Aud Søyland

Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Ikkje mange kan halde tritt med Aud Søyland når det kjem til å engasjere seg i kultur- og foreiningsliv i Nord-Aurdal. Fredag får ho kommunens kulturpris for sin utrøyttelege innsats.

DEL

Leira: – Det er viktig for meg å seie at frivillig arbeid gir veldig mykje tilbake. Det er ikkje slik at ein driv med dette for å få ros. Eg har personleg glede av det. Eg har blitt kjent med masse kjekke folk, og ikkje minst har eg lært utruleg mykje i organisasjonslivet, seier Søyland.

Ho er midt i språkvasken av bladet Folkemusikk. På pulten på heimekontoret ligg bøker i haugevis, både sjølvskrivne og bøker ho har retta for andre. Ingen kan arrestere oss for skrivefeil om vi skriv at Søyland er den fremste nynorske omsetjaren i landet. Språk har vore ein raud tråd gjennom heile livet hennar: – Målsaka, fråhaldssaka og Venstre-politikk var dei tre hjartebarna til mor og far då eg vaks opp, og berre for å seia det: partiet Venstre var på den tida noko heilt anna enn i dag – det var eit radikalt parti, seier fråhaldskvinna, som har vore SVs einaste representant i kommunestyret i Nord-Aurdal i 12 år.

Ferdig med politikken

– I ettertid føler eg at eg i alle dei åra som politikar fekk utretta veldig lite, seier Søyland. Men ho angrar ikkje:

– Eg er optimist av natur og angrar sjeldan. Eg hadde trua på å gjere ein forskjell, men resultatet stod ikkje i stil med arbeidsinnsatsen. Eg får til mykje meir som kulturarbeidar i lag og foreiningar.Søyland føler også at politikken åt opp tida som ho ønskte å bruke på faget sitt. Det er språk, i alle former og fasongar, og då særleg nynorsk, som ligg hennes hjarta nærast: Kløyvd infinitiv, genitiv og samsvarsbøying av perfektum partisipp – grammatiske uttrykk mange har eit problematisk forhold til. Men for Søyland lyder det som søt musikk:– Eg har lyst til å vere meir fagmenneske enn eg har hatt tid til dei siste åra. Dessutan er det fleire bøker eg ønskjer å skrive ut, blant anna har eg lenge hatt planar om ei bok om oppvekstvilkåra til unge menneske i El Salvador i Mellom-Amerika.

Stolt av Strunkeveko

Spansk lærte ho seg då ho var 50. Ho budde fem veker i ein salvadoransk landsby, og sidan har ho hatt fleire utvekslingsungdommar i huset, både frå Europa og Latin-Amerika.

Skal vi nemne alt Søyland er engasjert i, ville det blitt tekst nok til å fylle heile avisa. Derfor lar vi heller Søyland trekke fram det ho har hatt mest moro av å arbeide med: – Eg håpa du skulle spørje om det, for er det ein ting som eg verkeleg er stolt av å ha vore fødselshjelpar for, så er det Strunkeveko. Det er eit kurs som har vakse seg stort, og som har betydd så mykje for så mange unge.

– Tru på at det nyttar

Det som driv ho til all frivillig jobbing, er trua på at det nyttar å engasjere seg, sjølv i det ho i hermeteikn omtalar som små organisasjonar og «tapte saker», som målsak og SV-politikk.

– Eg har tru på at det nyttar å markere eit standpunkt på venstresida og å kjempe for nynorsken. Samtidig skulle eg ønskje det var fleire som fekk oppleve kor kjekt det er å delta i frivillig arbeid, seier kulturprisvinnaren.

Ho har vore aktiv i SV i Nord-Aurdal og Valdres Folkemusikklag. Ho var ein av initiativtakarane bak Leira grendelag, Internasjonalt kvinneforum og Valdres bokdag. Ho har drive barneleikarring på Leira i mange år, vore med i kulturstyre, oppvekstutval, kommunestyre og formannskap, har vore styremedlem i Valdresmusea, og er nå leiar i Vennelaget for Valdres Folkemuseum og Valdres mållag.

Artikkeltags