Lettar på sløret om det politiske spelet bak stamvegen: Kjell Ivar var E16-lobbyist og hadde tett samspel med Kjell Opseth

Vegkart: Kjell Opseth syner stortingsrepresentant Johan Nyland (t.v.) og Kjell Ivar Fossnes vegkartet som viser kvar Filefjelltunnelen – verdas lengste vegtunnel på 25 kilometer – skal gå.Foto: Bjørn Karsrud

Vegkart: Kjell Opseth syner stortingsrepresentant Johan Nyland (t.v.) og Kjell Ivar Fossnes vegkartet som viser kvar Filefjelltunnelen – verdas lengste vegtunnel på 25 kilometer – skal gå.Foto: Bjørn Karsrud

Utan Kjell Opseth og rakfisken hadde Valdres i dag ikkje hatt nokon stamveg.

DEL

Tema E16Valdres: Då Jan P. Syse i 1990 la fram innstilling på at vegen aust–vest skulle gå gjennom Hallingdal, vakna folk i Valdres, seier Kjell Ivar Fossnes, mangeårig gruppeleiar for Ap i kommunestyret og i ein periode møtande vara i Stortinget.

Fossnes viser til at Høgre alltid har vore mot stamveg gjennom Valdres. Dei ville ha vegen i Hallingdal. Men hallingane har aldri vorte einige om trasévalet seg imellom. Fossnes meiner at Frp på mange måtar har følgt opp Høgre sin trend når dei har gått inn for hovudsamband over Haukeli med Hallingdal som alternativ to.

Fossnes meiner det er viktig å sjå at menneskelege faktorar står bak politiske val. Derfor ar det viktig å ha nær kontakt med dei som skal gjera vedtak og å ha sterke aktørar i ryggen. I Sogn var saft- og syltetøyfabrikken Lerum ein sikker alliert. Dei var med og drog lasset.

Verdas lengste tunnel

– Ingen hadde tru på at det var muleg å bygge ein tunnel på 25 kilometer mellom Lærdal og Aurland. Men då kroka bulldosaren frå Førde nasen endå meir og dreiv det igjennom. Opseth var veldig sterk, seier Fossnes, som opparbeidde eit godt politisk vennskap med politikaren frå Førde.

. *** Local Caption *** Ved stamvegbordet: Kjell Opseth hadde mange møte med Kjell Opseth ved stamvegbordet på hotellet på Fagernes når Opseth drog heim til Førde. Men dette bildet er frå festleg lag på Rakfiskfestivalen i 1998. T.v. Unni Fossnes og Kjell Ivar Fossnes. Til høgre Kjell Opseth.

. *** Local Caption *** Ved stamvegbordet: Kjell Opseth hadde mange møte med Kjell Opseth ved stamvegbordet på hotellet på Fagernes når Opseth drog heim til Førde. Men dette bildet er frå festleg lag på Rakfiskfestivalen i 1998. T.v. Unni Fossnes og Kjell Ivar Fossnes. Til høgre Kjell Opseth. Foto:

På veg heim frå Stortinget møttest Opseth og Fossnes ved «stamvegbordet» på Fagernes Hotell og la slagplanar. Det vart også mange møte med stortingsrepresentantane Johan Nyland og Ola Røtvei.

– Johan Nyland ringte til meg kvar søndag, som regel midt under Sportsrevyen, seier Fossnes.

Men også politikarar frå andre parti enn Ap vart bedt til Valdres for å få informasjon om E16. Ein av dei var Lodve Solholm frå Frp, i dag fylkesmann i Møre og Romsdal. Dei fekk god oppvartning på Fagernes Hotel og fekk låne Inge Dahls Mercedes til å kjøre rundt og sjå seg om i Valdres. Dahl var eigar og drivar av Fagernes Hotel og sterkt engasjert i E16.

- Det hende også at vi sende representantane opp i fly for at dei skulle få det rette overblikket. Hugs at stortingsrepresentantane kom frå heile landet, og mange av dei visste knapt kvar Valdres var, seier Kjell Ivar Fossnes, som framleis sørger for at Lodve Solholm får rakfisk frå valdres til jul.

Rakfisk til Løvebakken

For Fossnes vart det mange turar til Stortinget. Då hadde han med seg buttevis med rakfisk.

– Rakfisk var nødvendig for å koma på talefot med representantane, seier Fossnes.

Løyvingar til E16 Leira–Fagernes opna heile ballet.

– Kjell Opseth ringte til meg ein måndagskveld og fortalde at han hadde sysselsetjingsmidlar til eit prosjekt. Det hasta. Har du ein plan, så kan eg ta det med i statsråd på fredag, var meldinga frå Opseth. Eg ringde vegsjef Jan Søilen som gav grønt lys om samferdselsstyret i Oppland sa ja. Eg ringte leiaren, Kari Bergum og vekte henne seint på kvelden. Samferdselsstyret sa ja. Fredag vart det i statsråd lagt 33 millionar til Leira-Fagernes på bordet, fortel Kjell Ivar Fossnes.

Bakteppet var at det var økonomisk vanskelege tider med bankkrise, 15 prosent bankrente og alt for mange arbeidsledige etter jappetida på 80-talet. – Opseth var sterk. Då han vart samferdselsminister trekte han tilbake stortingsmeldinga regjeringa Syse hadde lagt fram som konkluderte med stamveg gjennom Hallingdal – utan å ha varsla statsminister Gro Harlem Brundtland, seier Fossnes.

– Nøkkelen til å få politisk gjennomslag er personleg kontakt, at du har integritet og at du får tillit, seier Kjell Ivar Fossnes, som gir honnør til stamvegsekretær Arne Bang. Hans utgreiingar har skapt grunnlaget for å få politisk gjennomslag.

Artikkeltags