Øystre Slidre/Vang: Laurdag vart det søkt om løyve til å felle ein ulv i området rundt Skaget i Øystre Slidre, etter at det er funnen 35 daude tamrein i Langsua-området.
Ein paragraf i Viltlova om at det ikkje er lov med jakt i julehøgtida frå 24. til 31. desember, hindrar felling av ulv
«Jakt og fangst er ikkje tillaten i tida frå og med 24. desember til og med 31. desember», står det i forskrifta. Det var Øystre Slidre kommune ved fagsjef Kjell Håvard Tuv som søkte om felling av ulven til Fylkesmannen i Oppland. Brevet vart sendt til Harald Klæbo i miljøavdelinga laurdag. Tuv fekk raskt svar at dette ikkje var mogleg. No ligg saka hos Miljøverndirektoratet.
– Gjetarane har sett inn eit forsterka tilsyn med reinflokken, seier Tuv måndag, som vil følgje opp saka vidare.
Fann to daude dyr måndag
Hallgeir Opdal i Fram Tamreinlag kunne måndag fortelje at talet på daude rein har stige.
– Det nærmar seg mellom 35 til 40 dyr, for vi fann to til måndag. Det kan ikkje vera meininga med paragrafen i viltlova at rein skal bli plaga slik. Dei går ute 365 dagar i året og då blir det feil at ein ikkje kan felle ein ulv mellom jul og nyttår, seier Opdal.
Vil bruke nødverje
Opdal seier dei har forsterka vakthaldet og gjetarane har med seg gevær.
– Dei som har løyve til det har med seg gevær. Det er lov innanfor paragrafen om nødverje å skyte ulven om han angrip, seier Opdal.
Dette blir bekrefta av Harald Klæbo hos Fylkesmannen.
– Ja, nødverje er lov, men då er handlingsrommet veldig stramt. Ellers vil eg seie at vi ikkje har hatt ein liknande situasjon som dette tidlegare i dette området, at ein ulv drep så mange rein, seier Klæbo.
Fleire måtte avlivast
Då Øystre Slidre kommune søkte om skadefellingsløyve på ein ulv laurdag, var det påvist cirka 25 reinkadaver, samt to dyr som var slikt skadde at dei måtte avlivast. Skadane vart dokumentert av Statens Naturoppsyn sin rovviltkontakt, Ole Knut Steinset. Han som slo fast at det var ulv om var på ferde.
– Ein søkjer med dette om at kommunens rovviltjaktlag kan få løyve til sporing, og innringing av skadevaldar, samt utkjøring av mannskap for postering i dette området. Transport kan skje i samarbeid med reinlagets snøskuterar, skriv Tuv i søknaden. Dette vart det altså avslag på.
– Dei låg strøydd
– Eg såg ingenting julekvelden. Fyrste juledag tok vi fri og då vi kom opp att andre juledag, fann eg fyrst ein daud rein. Deretter såg eg korp og ørn i lufta. Då fann vi reinsdyra strøydd bortetter over fem–seks kilometer. Fleire var i live og måtte avlivast. Nokre hadde fuglane byrja å ete på, endå dei ikkje var daude. Dette var ikkje noko triveleg, seier Opdal.
Fram Tamreinlag har rundt 3.000 dyr til saman og vel 1.700 av dei går i dette området ved Skaget – Haldorbu.
– Ein rein er eit sprekt dyr som er vand med å gå ute. Den tåler at det blir rive av litt skinn her og der. I ettertid har vi funne skadde dyr i flokken, som vi òg har måtta avlive seier Opdal.
No må dei halde fram med forsterka vakthald til over jul, i påvente av ei fellingsløyve av ulven.