Fire kompisar startar "Bråjuft" bryggjeri i Lomen

Frå mjølk til øl: Knut Olav Dokken, Jon Teodor Lyster og Jan Tore Vik (t.h.) med utrangerte mjølketankar dei har kjøpt frå Tine. Dei skal snart monterast i fjøset på Vik ? og fyllast med øl.

Frå mjølk til øl: Knut Olav Dokken, Jon Teodor Lyster og Jan Tore Vik (t.h.) med utrangerte mjølketankar dei har kjøpt frå Tine. Dei skal snart monterast i fjøset på Vik ? og fyllast med øl. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Fire karar i 30–40-årsalderen held på å byggje opp mikrobryggjeri i Vestre Slidre, og håpar om eit års tid å vera ute i marknaden med lokalt prega øl frå bedrifta med det megetsigande og klingande namnet «Bråjuft».

JOHMSGRENDA: Jon Teodor Lyster, Audun Øygard, Jan Tore Vik og Knut Olav Dokken er dei fire karane som har gått saman, og som snart stiftar AS-et «Bråjuft» – for å byggje opp eit mikrobryggjeri på vestsida i Lomen.

Bryggjeri i fjøset

Fjøset på Øvre Vik, garden til Jan Tore, blir i desse dagar reinska for krøterinventar. Utover vinteren skal det byggjast om både til bryggjeri og til produksjonsrom for honning (sjå sak ved sida av).

Målet er å byggje opp eit mikrobryggjeri med kapasitet på rundt 30.000 liter i året, og at dei kan vera i marknaden med øl i løpet av 2015. For å få det til, må dei investere mellom ein halv og ein million kroner, og forretningsplanen opererer førebels med halvtanna årsverk. Alle fire har også andre jobbar, og ynskjer å arbeide på deltid i byggjeriet.

Jon Teodor er ølhjernen

Opphavet til «Bråjuft» er at den statsautoriserte revisoren Jon Teodor, busett i Slidre, ofte har vore med rakfiskprodusent Audun på «Bondens marknad» rundt i landet. Då har dei også fått tid til samtaler, og ideen om ølproduksjon har vakse fram.

Jon Teodor Lyster er utan tvil den mest ølfaglege av Bråjuft-gjengen, og det er han som les seg opp på fagkunnskap om brygginga, og som styrer malt og gjærtilsettingane. Han er teoretikaren – dei tre andre er praktikarane, som også er minst like gode til å drikke dei ferdige produkta.Seinare er fysioterapeut og rakfiskgeneral Jan Tore Vik kome til både med selskapsnamnet og det ledige fjøset. Og no i siste runde er Knut Olav Dokken også hanka inn frå nabolaget – det er ikkje så dumt med ein smed på laget når røyrer og tankar skal koplast.

Frå mjølk til øl

Stadig blir det lagt ned mjølkeproduksjon rundt om på gardane i distriktet, og no er det rift om ledige mjølketankar. Bråjuft-gjengen har til no skaffa seg seks slike gardstankar i forskjellige storleikar, og dei ligg inne med bestilling på fleire. Tankane skal utover våren monterast i system for ølbygging i fjøset på Vik.

Mange prøvebryggingar

Bråjuft-karane har kjøpt eit 50-liters «Speidel Braumeister» anlegg, som for tida flittig blir brukt til prøveproduksjonen. Det foregår i ein kjellar hjå Audun på Trøsvik.

– Me prøver å sjangle mest muleg no for tida – for å teste ulike øltypar, seier Knut Olav Dokken, og gliser. Karane har til no bryggja 600–700 liter i bortimot 15 omgangar – og er så langt godt nøgde. Og dei får god respons på produkta sine, når vener og kjende får smake. Karane er unisont einige om at kvalitet er viktigare enn volum.Dei likar sjølve lyse øltypar best (som for eksempel pils), og seier dei heller vil satse på «lettdrikkeleg» og godt øl, enn noko som er tungt, mørkt og veldig spesielt. Prisen kan bli i eit mellomnivå.

Vil spela på det lokale

Karane synest det er eit poeng å spela på det lokale – både gjennom namn og råvarer. Førebels kjøper dei malt, men dei vil vurdere lokalt bygg. Og særleg når det gjeld humle, er dei på utkikk etter lokalt plantemateriale – og fattar interesse når journalisten fortel at han skreiv ein serie om lokale humlehagar fyrst på 2000-talet.

Dei har tenkt på brisketilsetning, og vil prøve å få fram eit øl som går til rakfisk. Dessutan kan lokal honning bli ein smakskomponent. Då pratar ein om mjød.Dei forskjellige øltypane vil truleg også få lokale namn, som til dømes Krokåne kølschisch, Slidre cerveza eller Syndin saison. Ølet vil bli selt på flasker og fat, og det blir i fyrste omgang satsa på lokalmarknaden.

Artikkeltags