Frå neste sommar får M/B Bitihorn solid og stabil flytebryggje ved Torfinnsbu, til glede både for passasjerane og for turisthytta.

Stengde tunnellane

Litt før midnatt måndag kveld var den 4,5 meter breie flytebryggja ferdig lasta opp i Bergen, på ein spesialbil med mange akslingar. Turen om natta gjekk på E16 via Lærdalstunnellen og Tyinkrysset, og så vidare til Eidsbugarden.

Eskorte både frå politi og Statens vegvesen var med på turen, og politiet måtte undervegs stengje all annan trafikk i ein etter ein av dei mange tunnellane.

M/B Bitihorn som slepebåt

I åtte-tida tysdag morgon var transporten framme på Eidsbugarden. Der låg M/B Bitihorn, som skulle vere slepebåt. Ei spesialkran lyfte flytebryggja ned på vatnet Bygdin, så vart slepet rigga og turen kunne begynne.

– Med 37 tonn på slep tok turen austover til Torfinnsbu druge tre timar, men det fantastiske vêret gjorde turen til ei stor oppleving, fortel produsent Rune Fardal.

Spesielt oppdrag i Valdres

Fardal driv firmaet DARA AS i Bergen som har spesialisert seg på flytebryggjer i betong. Oppdraget i Valdres var heilt spesielt.

– Transporten av bryggjene har alltid gått føre seg sjøvegen, dette var fyrste gongen med bil. Eg har aldri tenkt på at det skulle vere muleg, spesielt fordi bryggja stakk ein meter ut på kvar side av spesialbilen. Med eskorte gjekk turen likevel utan problem. Det er heilt klart aktuelt for oss med marknadsføring mot nye grupper av kundar, seier Fardal.

Stor oppdrift

Flytebryggja som no er på plass ved Torfinnsbu er i betong, og er innvendig fylt med isopor. Volumet på 82 kubikkmeter gjev ei enorm oppdrift, slik at bryggja har eit fribord på 80 centimeter.

Bryggja er 12 meter lang og 4,5 meter brei, og vekta er 37 tonn.

Aust for Torfinnsdøla

Flytebryggja er plassert på austsida av elva som kjem frå Svartdalen, nokre få hundre meter frå Torfinnsbu. Gode grunnforhold er årsaka til denne plasseringa.

– Bryggja er forankra i land med to kraftige kjettingar som er bolta fast i to svære, jordfaste steinar. I tillegg er den forankra i botnen med fire betonganker, kvart på 3,2 tonn, og med spesiell utforming, fortel Fardal.