Folk strøymer til fjells for ein aktiv ferie

Rekordsumar i fjellet: Fleire og fleire vil til fjells. Til Besseggen kjem det folk frå heile verda for å klatre seg over den kjente eggen. Mange vil gå turen på grunn av vener som har gått turen idlegare og har delt bilde på sosiale medium.

Rekordsumar i fjellet: Fleire og fleire vil til fjells. Til Besseggen kjem det folk frå heile verda for å klatre seg over den kjente eggen. Mange vil gå turen på grunn av vener som har gått turen idlegare og har delt bilde på sosiale medium.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Gjendesheim, Gjendebåten, Memurubu, DNT – alle melder om rekordtal i fjellheimen i sumar.

DEL

Med Bildeserie frå torsdag 4. august VÅGÅ: – Nokre vener av oss gjekk Besseggen i fjor og viste oss bilde frå turen. Sidan då har vi drøymt om å gå her, fortel Adele og Katarina, som har reist heile vegen frå Tsjekkia for å gå den kjente turistmagneten.

Rekord medlemmar
– Det er ein stadig aukande trend at folk ynskjer å bruke ferien sin til fjells. Dei vil ha seg ein aktiv ferie med sterke naturopplevingar, samstundes verkar fjellet nedstressande på ein elles hektisk kvardag, seier kommunikasjonsrådgjevar i DNT Ingvild Bakke.

Ho kan fortelje om ei 29 prosent auke i overnattingar på DNT-hytter frå i fjor til i år. Speseilt har det vore ei auke i Jotunheimen frå fjoråret, då det var ein nedgang på grunn av snølaget som låg langt utover sumaren.

Medlemstala i DNT aukar også, der dei no har 279 543 medlemmar, ein oppsving på 7,3 prosent frå august i fjor. I DNT Valdres er det no 862 medlemmar, 36 fleire enn i fjor og ei 4,3 prosent auke.

Nasjonal DNT-hytterekord
På Gjendesheim turisthytte har Marius Haugaløkken teke seg ein velfortent ferie etter ny rekord med overnattingsgjester i juli, ikkje berre på Gjendesheim, men på alle DNT-hytter nokosinne. med 6162 overnattingar i juli. Dei to sumarvikarane Johan Mosvold Larsen frå Oslo og Linde Wits frå Nederland kan stadfeste travle dagar og fult køyr på hytta.

– Vi må fylle opp det vi har av telt, sovesal og på dei mest ekstreme dagane, også i matsalen, seier dei.

100 år og 26% auke

Ole Øvstedal la ut på sin fyrste tur som skippar 1. juli 1906 med Gjendebåten. 100 år etter er det 4. generasjon som står bak roret, Harald Rune Øvstedal. Sjølv med ny rekord i fjor, kan Harald vise til ei ekstrem auking i år med.

– Så langt i sommar har vi hatt 33.000 passasjerar, det er ei 26% auke frå fjoråret, fortel Harald, som fraktar fleire hundre turistar kvar dag som skal tu turen over Besseggen.

Overfylt på Memurubu
På Memurubu, der dei fleste vel å starte turen over Besseggen frå, kan også styrar Kjetil Sveine melde om auke frå fjoråret:

– I juli hadde vi ei auke på 15% frå fjoråret. Denne veka er tredje veke på rad, der det har vore fult køyr frå måndag til laurdag. På det meste har vi hatt 240 overnattingsgjester på 150 senger, i tillegg til 200 som søv i telt. Mange av dei et middag og brukar fasilitetane våre, så eg trur det har vore opp mot 450 personar inne her på ein gong, fortel Sveine, som endå ikkje har måtte avvise overnattingsgjester, men får lagt dei inn på madrass på golvet.

Åtte redningsaksjonar
Sveine vil anslå at det er om lag 80 000 som går over Besseggen i sumar. Med så mange turistar, ser ein også mykje rart i klesvegen og av skoval.

Operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Geir Stavheim, fortel at dei har hatt åtte redningsaksjonar med helikopter på Besseggen i sumar:

– I tillegg har vi på dei verste dagane hatt opp til fleire hendvendingar dagleg frå slitne turgåarar som vil bli henta ned. Dei fleste lyt vi avvise. Så lenge vi oppfattar at det ikkje er snakk om fare, gjev vi dei beskjed om å ta ein kvil før dei går ned, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken