Helikopterjakt på jerv

Jakt med helikopter: Miljødirektoratet har gått med på helikopterjakt på jerv for å unngå at Mattilsynet nektar bønder å sleppe sauer innover mot Langsua . FOTO: Egil Heggen

Jakt med helikopter: Miljødirektoratet har gått med på helikopterjakt på jerv for å unngå at Mattilsynet nektar bønder å sleppe sauer innover mot Langsua . FOTO: Egil Heggen

Artikkelen er over 5 år gammel

Staten vil sette inn helikopter for å få has på ein eller fleire jervar i eller ved Langsua nasjonalpark.

DEL

Egil Heggen

- Eg er provosert av ressursbruken, seier Arnfinn Beito.

Som sauebonde i Øystre Slidre og leiar av faglaget Oppland Sau og Geit engasjerer han seg sterkt i rovviltforvaltninga. Sjølv om Stortinget har definert fjelltraktene nord og sør for Skagstind som beiteprioriterte område, er fleire hundre lam og sauer i Øystre Slidre vorte rovdyrmat dei siste åra.

For ei veke sidan opna Miljødirektoratet for avliving av ei jervetispe og eventuelle kvalpar. Jakta var resultatlaus.

- Spor av jerv er funne, men yngling er ikkje påvist i Langsu-området, opplyser rovviltkonsulent Harald Klæbo hos Fylkesmannen i Oppland.

Mattilsynet i Hedmark og Oppland har varsla at dersom det ikkje blir avliva jerv i området, vil bøndene som har beite i dei mest utsette areala, bli nekta å sleppe sauene sine der.

Dette har fått Fylkesmannen til å øve press på Miljødirektoratet, som kan gi løyve til jakt og ekstraordinære uttak av rovdyr. Tysdag vedtok fylkestinget i Oppland ein skarp uttale om at uttaket må skje i samsvar med rovviltforliket.

Direktoratet har no gått med på at det kan settast inn helikopter for å jakte på jerven i og rundt Langsua nasjonalpark.

- Det er aktuelt å bruke det same helikopteret som skal på jervejakt i Sogn og Fjordane, seier Klæbo.

Jakta blir utført av autoriserte skarpskyttarar i regi av Statens naturoppsyn.

- Det er vel og bra at direktoratet har gitt etter for presset. Men no begynner det å haste, for det er vanskeleg å sjå jerven etter at snøen er borte. Helikopterjakt er også ei vanskeleg øving. Ved bruk av snøscooter tidlegare på vinteren kunne dette blitt gjort mykje meir effektivt - og til ein brøkdel av prisen, seier Beito.

Artikkeltags