Hyt­te­boom: 18.354 hyt­ter i Vald­res – og Opp­land pas­ser­te 50.000

Mange nye hytter: I løpet av dei to siste tiåra har det kome til 4.430 hytter i Valdres.

Mange nye hytter: I løpet av dei to siste tiåra har det kome til 4.430 hytter i Valdres. Foto:

Hyt­te­byg­gin­ga i Vald­res vil in­gen ende ta. I lø­pet av 2018 kom det til 244 nye hyt­ter i dei seks vald­res­kom­mu­na­ne. Men Hal­ling­dal over­går Vald­res både i hyt­te­vekst og i antal hyt­ter to­talt. Hal­ling­dal har for fyrste gong pas­sert Vald­res i antal hyt­ter.

DEL

Vald­res: Antal hyt­ter bik­ka for fyrste gong gren­sa på 18.000 i 2018. Frå 2018 til 2019 auka ta­let på hyt­ter i Vald­res frå 18.110 til 18.354. I alle vald­res­kom­mu­na­ne, bort­sett frå Nord-Aurdal, er det no flei­re hyt­ter enn fast­bu­an­de per­so­nar. I Opp­land auka antal hyt­ter med 810. Det­te be­tyr tre av sju hyt­ter i Opp­land vart bygd i Vald­res i året som gjekk.

Nord-Aurdal størst

Nord-Aurdal er den stør­ste hyt­te­kom­mu­nen både i Vald­res og i Opp­land med 4.559 hyt­ter. Øyst­re Slidre er nest størst både i Vald­res og Opp­land, mens Sør-Aurdal følg­jer hakk i hæl på tred­je­plass. Vang er den mins­te hyt­te­kom­mu­nen i Vald­res med 1.771 re­gist­rer­te hyt­ter ved star­ten på 2019, men Vang er sam­ti­dig den kom­mu­nen som re­la­tivt sett had­de den stør­ste til­veks­ten i fjor. I Vang vart det reist 38 nye hyt­ter og fri­tids­bu­sta­der i 2018.

221 hyt­ter i året

I lø­pet av dei sis­te 20 åra, frå 1999 til 2019, har Vald­res auka hyt­te­ta­let frå 13.924 til 18.354. Det er ein auke på 4.430 hyt­ter el­ler nøy­ak­tig 221,5 hyt­ter i året. Held veks­ten fram i same takt, vil Vald­res ha nær 23.000 hyt­ter i 2040. Både i Vald­res og andre hyt­te­dist­rikt blir det no rei­st spørs­mål ved om antal hytter er i ferd med å nå ei smer­te­gren­se.

Tet­tast i Vest­re Slidre

I man­ge vald­res­kom­mu­nar er det no tem­me­leg man­ge hyt­ter per kvad­rat­ki­lo­me­ter. Flest hyt­ter per kvad­rat­ki­lo­me­ter er det i Vest­re Slidre. Her er antal hyt­ter per kvad­rat­ki­lo­me­ter 6,34. Gol top­par denne statistikken i Hal­ling­dal med 4,83.

Hyt­ter i Vald­res:

Kom­mu­ne20182019Auke
Sør-Aurdal3428345123
Et­ne­dal2386242438
Nord-Aurdal4501455958
Vest­re Slidre2627267144
Øyst­re Slidre3435347833
Vang1733177138
Vald­res181018354244

Hyt­ter i Hal­ling­dal:

Kom­mu­ne20182019Auke
Flå1877194972
Nes30273262155
Gol2428248254
Hem­se­dal21612151– 10
Ål2823287350
Hol5538563496
Hal­ling­dal1808918506417


Artikkeltags