Gledeleg sommar for Valdresekspressen: Mange ønskjer ei grøn reise til Valdres og vidare inn i Jotunheimen

God sesong: Det strøymer på av passasjerar for Valdresekspressen, spesielt i sommarsesongen. Og JVB-sjef Helge Kvame har grunn til å vera fornøgd.

God sesong: Det strøymer på av passasjerar for Valdresekspressen, spesielt i sommarsesongen. Og JVB-sjef Helge Kvame har grunn til å vera fornøgd. Foto:

- Sommersesongen har vore veldig bra for Valdresekspressen, seier adm. dir i Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap, Helge Kvame.

DEL

Vald­res: I pe­ri­o­den frå 28. juni til 1. september har tra­fik­ken med Val­dres­eks­pres­sen hatt ein pas­sa­sjer­au­ke på 4,4 pro­sent. I den­ne pe­ri­o­den har to­talt 45.000 pas­sa­sje­rar reist med Val­dres­eks­pres­sen, med ut­gangs­punkt i så å seia same ru­te­til­bo­det som året før.

Tenkjer mil­jø

– Vi trur at klima- og miljøde­bat­ten og fe­no­me­net «Fly­skam» fører til at flei­re vel å rei­se til tu­rist­des­ti­na­sjo­nar i heim­lan­det, og at dette bi­dreg til veks­ten i buss­tra­fik­ken, sei­er Kvame.

Det er spe­si­elt tu­rist­tra­fik­ken til Gjen­des­he­im, Byg­din og Lom som au­kar – og til Flåm for Øst-vestekspressen sin del. Men tra­fik­ken til Bei­to­stø­len svik­tar.

– Det mer­ke­le­ge er at tra­fik­ken til Bei­to­stø­len går ned. Her er det ein svikt på heile 19 pro­sent, sei­er Kvame, som ik­kje har gode for­kla­rin­gar på det. Bei­to­stø­len har jo hatt ein vel­dig vekst i hyt­ter og folk. Kan­skje er end­rin­ga i kli­en­tell, frå fjell­tu­ris­tar til utanlandske bussgruppe­tu­ris­tar ein del av for­kla­rin­ga. Fa­ger­nes som des­ti­na­sjon er der­imot sta­bil, og resten av Valdres følgjer i stor grad folketalsutviklinga, altså litt nedgang.

Auke på Oslo lufthavn

Ser ein på dei uli­ke av­gan­ga­ne, ser vi ein auke i pas­sa­sjer­ta­let til og frå Oslo lufthavn, Gar­der­mo­en. Fire da­gar i veka går det buss frå Fa­ger­nes til Oslo lufthavn klok­ka 11.35 med re­tur 17.20. I tillegg går kvelds­bus­sen frå Oslo klok­ka 20.35 via Oslo lufthavn. Dessutan går det buss frå Fa­ger­nes 09.35 til Oslo lufthavn og retur klokka 13.20 til Beitostølen på laur­da­gar og søn­da­gar i sommar- og vintersesong. Denne ruta rekk også samband vidare frå fagernes til Leir­vass­bu, Lom og Tyinkrysset.

– Kva er dei mest po­pu­læ­re av­gan­ga­ne på Val­dres­eks­pres­sen?

– Det er nok av­gan­gen frå Fa­ger­nes mot Oslo klok­ka 11.45. Den­ne er sta­bilt god. I mot­sett ret­ning er det mest rei­san­de på 13.05-av­gan­gen frå Oslo.

Nye E16-strekningar

– E16 blir ut­bet­ra på flei­re punkt. Kva vil det bety for dei buss­rei­san­de?

– Det blir fyrst og fremst ei meir kom­for­ta­bel rei­se, sei­er Kvame. Mot Oslo vil ein dra nyt­te av den nye Bagnskleivtunnelen, ein vil slep­pe å kjøre in­nom Bagn sentrum, og den nye buss­hal­de­plas­sen i Bagn ligg på ned­tu­ren rett inntil E16. Her kan ein fort spa­ra inn to-tre mi­nutt til sam­an. 9. ok­to­ber op­nar den nye firefeltsvegen mel­lom Vøy­en­enga og Sand­vi­ka.

– Det­te vil føre til mind­re kø og kork. Når det gjeld val av tra­sé her, så må vi prø­ve oss fram. Sjå­fø­ren vil tru­leg vel­ja uli­ke tra­se­ar ut frå tra­fikk­bil­det. Men på tur ned mot Oslo vil vi nok bru­ke den nye tun­ne­len, sei­er Kvame.

– Blir det ras­ka­re kjøretid til og frå Oslo?

– Vi må bru­ke tida fram­over som ein prø­ve­pe­ri­o­de. Det er lagt opp til rute­jus­te­rin­gar til vå­ren, sei­er Kvame, som vi­ser til at dei sto­re end­rin­gane fyrst vil koma når ve­gen over Sol­li­høg­da og vi­da­re til Hø­ne­foss er fer­dig.

Buss­pas­sa­sje­ra­ne kan el­les snart gle­de seg til å kjøre gjen­nom ny tun­nel mel­lom Øye og Eids­bru. Her har også Sta­tens veg­ve­sen regionen vest sørga for å laga ein skik­ke­leg god og praktisk buss­hal­de­plass med stor par­ke­rings­plass og med un­der­gang og på­sti­ging på beg­ge si­der.

– Der er det laga ein skik­ke­leg «park and ride», eit ek­sem­pel til etter­føl­ging, sei­er JVB-sje­fen.

JVB driftar også Øst-Vest Xpres­sen. Her kan ein frå juli nes­te år sjå fram til ny veg over Tons­ås­en, noko som kan gi bus­sen ei inn­spa­ring i kjøretid på rundt eit par mi­nutt. I 2017 la den­ne ruta om tra­se­en. I sta­den for å kjøre den svin­ge­te ve­gen om Tor­pa, gjekk bus­sen over til å kjøre om Gjø­vik.

– Bus­sen bru­ker 20 mi­nutt meir ved å kjøre her. Men det var eit rik­tig val. Et­ter om­leg­gin­ga har vi hatt bra vekst her, sei­er Kvame.

Rute utan til­skot

I mot­set­ning til lo­kal­ru­te­ne og re­gi­on­ru­te­ne i Vald­res er Val­dres­eks­pres­sen hund­re pro­sent kom­mer­si­ell. Dei vil seia at JVB driv Val­dres­eks­pres­sen heilt utan offentlege til­skot, det er berre billettinntektene frå passasjerane selskapet lever av.

– Inntil 2015 gjekk delar av Val­dres­eks­pres­sen inn i det fyl­kes­kom­mu­na­le net­tet, men frå 1. ja­nu­ar det­te året val­de vi å bli hund­re pro­sent kom­mer­si­el­le, sei­er Kvame. JVB fekk rau­de tal i rek­ne­ska­pen for 2018, men mei­ner at selskapet no er på rett veg. JVB har flei­re bein å stå på, blant anna turbussar, Fa­ger­nes verkstedsenter, Jo­tun­hei­men Tra­vel, bel­te­bil­verk­sem­da og bå­ten Bi­ti­horn på Byg­din.

– Båt­tra­fik­ken var vel­dig bra i som­mar, og vi kom opp i 10.200 pas­sa­sje­rar, for­tel Kvame.

Kvame har tru på fram­ti­da til eks­press­bus­sen. I dag er det slik at folk kvir seg for å kjøre inn til Oslo, på grunn av bom­pen­gar og høge par­ke­rings­av­gif­ter i par­ke­rings­hu­sa. Og kjører du die­sel­bil med pigg­dekk blir det endå dy­ra­re. Då blir det fort 400 kro­ner berre i av­gif­ter, og i til­legg kjem kjøreutgiftene att og fram. Då blir bus­sen med sju avgangar, omtrent annankvar time, eit godt al­ter­na­tiv.

Artikkeltags