Klart for Skarke på museet

Skarke på Valdres Folkemuseum: 4. desember vil dombjøllene på nytt klinge på Valdres Folkemuseum.

Skarke på Valdres Folkemuseum: 4. desember vil dombjøllene på nytt klinge på Valdres Folkemuseum.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

FAGERNES: Sundag 4. desember er det klart for Skarke på Valdres Folkemuseum.

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask.

– På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. I år gjer vi det for 22. år på rad, fortel trioen Anne Marit Noraker, Hanne Rime og Bjørg Veisten.

Kanefart og lefse
Som vanleg kan både barn og vaksne vera med på ei rekke aktivitetar, som kanefart i friluftsmuseet, lyststøyping, laging av julepynt, papirstjerner, peparkaker og sopelime.

Ein får demonstrert lefsebakst, trearbeid, firfletting og filering.

I Flatigardsbygningen blir det juleforteljingar og folkemusikk. Det blir også høve til å bli med i dansen.

Basar og åresal
Som vanleg blir det tradisjonsrik basar med trekking av bunadsdokka og andre handverksgjenstandar i museumsbasaren til Vennelaget for Valdres Folkemuseum – og dessutan sal av årer i forkant.

Utstillingar
I museumsbygningen er det fleire opne utstillingar: «Trygve Bjørgo» (1916-1997), «Er det mulig» – ei utstilling om funksjonshemming, ski og snø, «Langeleiken – heile Noregs instrument», «Dokkestogo» med Tordis Røines livsverk, «Ringer i jern» og «Bunad- og folkekunstutstillinga».

Sitat Skarke 

Munkekroen serverer julemat og, og det blir sal av lokale mat- og handverksprodukt. I år vil ei rekke lokale produsentar stille opp og selja frå gapahukar, slik som julebakst, fjellgris, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, lefse, sylv, keramikk, trearbeid, skinnarbeid, fugleband og mykje anna.

 

 

Artikkeltags