Full kåk på Valdresbane-seanse i Oslo

Presenterte: Onsdag var det bokslepp i Oslo. F.v. Eivind Riise hauge, Gisle Harr, Christian Schlüter og Harry Korslund.

Presenterte: Onsdag var det bokslepp i Oslo. F.v. Eivind Riise hauge, Gisle Harr, Christian Schlüter og Harry Korslund. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det var stappfullt i biblioteket i kulturhuset ved Youngstorget i Oslo då hyttevaldrisen Christian Schlüter onsdag arrangerte bokslepp for krimfarsjeboka "Mord på Valdresbanen".

DEL

OSLO: Forfattar og medhjelpande Kolofon Forlag hadde slått på stortromma og laga til ein kulturell happening rundt sleppet.

Det heile starta med Valdresmarsjen. Så kom rørande kommentarar frå dei forlengst avdøde lokale valdresbanevennene Borghild Sagsveen frå Fagernes og Erling Skrukli frå Søndre Land i filmen Valdresbanen Blues. Deretter intervjua bergensforfattaren Eivind Riise Hauge forfattar Schlüter, og det var kutt frå TV2 sin Farmen-film med dresinkjøring og gammal historikk om Valdresbanen. Bokillustratør og kunstnar Gisle Harr slapp også til. Han fortalde om arbeidet med det store persongalleriet. Det same gjorde standoppkomikar og informasjonssjef i Bane Nor, Harry Korslund frå Dokka.

40 personar

I den 296 sider tjukke boka er det eit fantatisk persongalleri på 40 personar som du møter både i tekst og teikningar. Fire av dei blir tekne av dage under gjenopningsturen til Valdres. Schlüter avslørte under presentasjonen litt av kva for personar som er modellar for fantasifigurane hans. Og ser ein godt etter på bilda, vil ein for eksempel kjenne att samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppe, krimforfattarane Hans Olav Lahlum og Karl Ove Knausgård og etterforskaren Eva Joly.

Så kan ein berre fantasere over kven dei lokale figurane Lage Skade, Aksel Hauge, redaktør Kleiva og Hans Jørgen Bru i Valdresbanens Venner er.

Jernbaneliv på Dokka

Standupkomikar Harry Korslund fortalde i livlege og morosame vendingar om sitt mangsslugne jernbaneliv.

- På Dokka var det mange jernbanefolk som hadde seg med flotte damer, og eit av resulata vart meg, fortalde Korslund, som stolt kunne fortelja at han var fjerde generasjons jernbanemann. Karrieren starta på Dokka som trafikkasprinat i 1981. Korslund mimra og drog opp samanlikningar mellom jernbanebygging før og no. Han minte om at valdresbanebyggaren Søren Sørensen i si tid la inn kontrakt på bygging av den 110 kilometer lange Valdresbanen på 3,8 millionar kroner. I dag skal det koste 30 milliardar kroner å bygge Follobanen mellom Oslo og Ski. Korslund mimra også om den gongen Dokka var Norges største stasjon på utgåande tømmer.

Eg hugsar enno kundenummeret til Follum, som var 29405, sa Korslund.

Humor: Det kom fram mykje burlesk humor då Christian Schlüter (tv) vart bokbada av Eivind Riise Hauge.

Humor: Det kom fram mykje burlesk humor då Christian Schlüter (tv) vart bokbada av Eivind Riise Hauge. Foto:

Valdrisane og Valdresbanen

Nordrelandingen avla også valdrisane ein visitt.

- Valdrisenane har driti seg ut med å bygge ein nedlagt flyplass og ved å legge sykkelveg i jernbanesporet. Å tru at banen kjem tilbake, er hinsides og lite sannsynleg, men ein må jo aldri gi opp trua. Valdrisane har rakfiskfestival. Valdrisane burde gjenopne banen for å kjøre tog til rakfiskfestivalen. Einaste problemet er at det ville lufte jævlig vond på dette toget, sa Korslund som likevel hadde eit godt minne frå Fagernes stasjon, då han som aspirant på stasjonen tok imot 3.000 ski frå påsketuristar i skistallen.

Om det ikkje blir tog til Valdres under årets rakfiskfestival, så vart det opplyst at krimfofattar Schlüter har meldt sin ankomst. Då kan dul få møte han på stand og få sjansen til å kjøpe boka.




Artikkeltags