Rå pønkrock begeistra publikum

Rå pønkrock: Espen Austdahl i The Rebels sette seg i respekt under UKM.

Rå pønkrock: Espen Austdahl i The Rebels sette seg i respekt under UKM.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

FAGERNES: The Rebels stal showet på Ungdommens kulturmønstring laurdag.

Pønkrockbandet med frontfiguren Espen Austdahl i spissen gav full gass og fekk publikum til å reise seg og klappe med i begeistring.

Bandet, som i tillegg består av Andreas Bærøy Nordsveen og William Alexander Dalen, har tidlegare imponert og gått vidare under UKM. No er dei på veg mot nye høgder. Dei har nyleg spelt inn to nye singlar, og sist helg spelte dei på John Dee, ei av sidescenene på Rockefeller.

Men det var ikkje berre The Rebels som imponerte. Heile 33 nummer vart framført under ein nær fire timar lang konsert i Kulturhuset.

Unge talent imponerte både på gitar, fiolin, hardingfele og piano. Og i tillegg fekk vi høyre song å sjå hallingdans på høgt nivå.

I ei 45 minutt lang pause  fekk publikum sjansen til å studere fleire flotte kunstverk som ungdommane hadde laga.

Avgjerda til juryen om kven som skal gå vidare, blir offentleggjord seinare.

 

Artikkeltags